Samlar kommunesektoren og teknologibransjen til konferanse om digital inkludering

Postet: 19.12.23 (oppdatert 19.12.23)
Bildecollasje av innledere
Digitaliseringsminister Karianne Tung, Lars Petter Kjær (Sandefjord kommune), Tine Jensen (Google Norge), Kristin Weidemann Wieland (KS), Ingvild Erøy Prestårhus og Hege Fiskå (Kakadu) er noen av de du finner på scena 6. februar.

Korleis kan kvar enkelt aktør påverke den digitale tilhøyrselen til innbyggjarane? Og korleis hengjer tiltak og verkemiddel saman når vi jobbar for eit meir digitalt og inkluderande samfunn?

Artikkelen er 136 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette er blant anna tema når Senteret for et aldersvennlig Norge, IKT Norge, Norwegian Smart Care Cluster og Livsglede for eldre inviterer kommunesektoren og teknologibransjen til konferanse. Det skjer 6. februar 2024 på Scandic Oslo Airport.

− Vi håpar at kommunalt tilsetje og beslutningstakarar som er på jakt etter inspirasjon og ulike teknologiske løysingar som bidrar til digital inkludering tek turen denne dagen, seier Nina Myklebust i Senteret for et aldersvennlig Norge.

Tydeleg behov for inkludering

I vår digitaliserte tidsalder er det avgjerande å sikra digital deltaking for alle. Med over 600.000 menneske i Noreg som ikkje er digitale og 1 av 5 innbyggjarar som kan vera digitalt sårbare, er behovet for inkludering tydeleg.

− Den digitale samfunnsfloka er enorm, og det er ikkje ein aktør som kan nøste i floka aleine. Konferansa vil gi oss økt innsikt og kunnskap om både utfordringar og mogelegheiter, fortel Nina.

− Det er viktig at vi får fram dei ulike aktørane i vår digitale kvardag og kva slags rolle dei har. 

Dette er nokre av dei som står på scena:

Anders Kunz, byråleiar i EGGS vil leie deltakarane gjennom eit høgaktuelt program med fleire dyktige innleiarar:

  • Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister
  • Tine Jensen, adm. dir., Google Norge
  • Terese Raymond, Nationell samordnare, Digidel (Sverige)
  • Lars Petter Kjær, leiar kommunikasjon og digitalisering, Sandefjord kommune
  • Ingvild Erøy Prestårhus, CO-Founder og Hege Fiskå, CO-Founder Kakadu
  • Erling Teig, forretningsutvikler, Apple
     

Ein unik møteplass

− Målet med konferansen har heile tida vore å skapa ein unik møteplass, kor kommunale verksamheiter og teknologibransjen møtas. For å få økt innsikt, snakke saman og kanskje til og med kome fram til nye behov eller løysningar. Saman, fortel, Line Gaare Paulsen, direktør for kompetanse og samfunnskontakt i IKT-Norge og en av initiativtakarane til konferansen.

Nina og Line står skulder mot skulder og smiler til kamera
Prosjektleder for konferansen, Nina Myklebust i Senteret for et aldersvennlig Norge og Line Gaare Paulsen, direktør for kompetanse og samfunnskontakt i IKT-Norge


− Skal vi lykkast, er vi avhengig av at gründerar, små og store produsentar og leverandørar av ulike tenester og produkt takkar ja når vi byr opp til dans, smiler Nina.

− I tillegg er naturlegvis frivillige og ideelle organisasjonar hjarteleg velkommen, saman med andre aktørar som spiller en viktig rolle i vår digitale kvardag, legg ho til.


Eit gratis tilbod

Konferansen er eit samarbeid mellom fleire av senterets partnerar, og påmeldingane har begynt å tikke inn.

− Når ein arrangerer noko for aller første gong, er det alltid spanande å sjå responsen og interessa. Vi har eit begrensa antal plassar, både i salen og for utstillarar på møtetorget, så her bør ein ikkje bli sittande på gjerdet – men melde seg på, smiler Nina.

Ynskjer du å presentere dine løysingar til kommunesektoren? Eller har du utfordringar knytta til å nå ut til innbyggarane i kommunen din? Ja, da bør du sikre deg ein plass.

−  I løpet av dagen vil du ikkje berre få økt innsikt og kunnskap. Du vil også knytte nye og verdifulle kontaktar. Vi må stå saman for digital inkludering, avsluttar Nina.