Ny felles innsats for å mobilisere seniorkrafta i det frivillige

Fram mot sommaren jobbar Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Frivillighet Norge for at enno fleire seniorar skal finne vegen inn i det frivillige. Gjennom annonsar i sosiale medium og i aviser blir seniorane oppmoda til å engasjere seg og bli frivillige.
Tal frå Frivillighetsbarometeret viser at eldre frivillige bidreg meir enn andre. Heile 27 % av frivillige over 60 år gjer meir enn 5 timar frivillig arbeid kvar månad. Dette er ikkje berre ein ressurs, men også ei heilt eiga kraft, som vi må ta vare på.
– Vi veit i kroner og øre kva den frivillige innsatsen til seniorane er verd – heile 40 milliardar årleg, viser rapporten NyAnalyse utarbeidde på oppdrag frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg i fjor, seier Lina Marie Brathaug Frantzen som arbeider med senteret si partnarskapsordning.
Betre helse og livskvalitet
Men den kunnskapen og erfaringa dei bidreg med inn i det frivillige er vanskeleg å måle på same måten. Mange seniorane ønskjer å vere frivillige, men det finst og nokre hindringar på vegen.
– I samarbeid med Frivillighet Norge håpar vi derfor denne kampanjen på frivillig.no kan gjere det enklare for seniorane å finne eit oppdrag å engasjere seg i. Her kan dei enkelt søkje og finne oppdrag i nærområdet sitt, eller melde interessa si direkte til ein frivillig organisasjon.
– Fleire undersøkingar viser at seniorane som engasjerer seg i det frivillige opplever å ha betre helse og livskvalitet. Vi snakkar altså om ein vinn-vinn-situasjon, avsluttar Lina.
Relevante verktøy og ressursar
Frivillig.no
Frivillig.no er ei nettside for rekruttering av nye frivillige til organisasjonar over heile Noreg.
Rettleiar for fleire engasjerte seniorar i lokalmiljøet
For å fange opp ressursane som dei kommande seniorane representerer, må kommunen tenkje nytt. Kommunen må vere tilretteleggjar og innovatør, ikkje berre bestillar av frivillige bidrag. Denne rettleiaren skal gi kommunane inspirasjon og verktøy slik at fleire seniorar får bidra i lokalmiljøet.
Rettleier for auka deltaking
Veilederen er laga av Frivillighet Norge, med støtte frå Helsedirektoratet, og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Målet er få med fleire i det frivillige, og at fleire kommunar og frivillige lag, foreiningar og organisasjonar skal samarbeide om auka deltaking.
Seniorar i Noreg 2024: Sosial deltaking
Statistisk sentralbyrå har skrive ein artikkel som ser nærare på deltakinga til seniorane i frivillige aktivitetar, og korleis denne påverkar livskvalitet og subjektiv helse.