Medverknad og lokalt samarbeid om aldersvennlege benker

Postet: 26.05.25 (oppdatert 26.05.25)
Sigrid sitter på en aldersvennlig benk ute
Sigrid Breiseth og Vinje kommune oppmoda innbyggjarane til å kome med forslag til kvar dei nye aldersvennlege benkene burde stå.

Som eit tiltak for å skape fleire møtestadar og betre legge til rette for at alle kan gå tur sette Vinje ut aldersvennlege benker. Vår og sommar er ei perfekt tid for denne typen tiltak, og Vinje er eit godt døme på korleis det kan gjerast.

Mange aldersvennlege tiltak kan være kostnadskrevjande og ta tid. Benker er eit godt eksempel på eit rimeleg og enkelt tiltak med stor effekt. 

− For mange kommunar kan benken være starten på å skape meir inkluderande og tilgjengelege uteområde. Slik utgangspunktet har vore i Vinje. Prosjekt knytt til benker kan skape engasjement og bidra til møteplassar medan andre større tiltak vert utvikla, fortel Anne Berit Rafoss, prosjektleiar i Senteret for et aldersvennlig Norge. 

− Mange andre kommunar har også gjort som Vinje og laga «benkeforslag» på nettsider og  i sosiale medier for å få innspel til plassering av benker. God medverknadsmetode som skaper mykje engasjement!, legg ho til.

Prosjektmidlar frå fylket

I Vinje starta benke-prosjektet som ein del av nettverket "Aldersvennlige bustadar og bumiljø", i samarbeid med Husbanken og Distriktssentret.

Prosjektet blei finansiert av midlar frå Fylkeskommunen, medan kommunen dekte utgifter med tilrettelegging og plassering av benkene.  

– Tidlegare i prosjektperioden hadde vi hatt folkemøte rundt om i lokalsentra i kommunen, og eit innspel som gjekk att var at alle trong fleire benker. Vi bestemte oss fort for å nytte midlane i prosjektet til aldersvennlige benker, fortel Sigrid Breiseth, rådgjevar byggjesak i Vinje kommune.

Utplassering etter innspel frå innbyggjarane

Kommunen fekk ei lokal arbeids- og inkluderingsbedrift til å designe og produsere benkene etter kriteria for aldersvennlege benker. Vidare oppmoda dei innbyggjarane til å kome med forslag til kvar benkene burde stå.

– Vi la ut «melding» på kommunen si heimeside og oppmoda innbyggjarane til å kome med innspel til kvar benkene burde plasserast, fortel Sigird.

Det kom inn mange forslag, og prosjektgruppa studerte kart og var ute i felt for å sjå om plassane var egna.

Kriteria var at benkene skulle være sentrumsnære og bidra til å skape møtestadar, men også at dei kunne bidra til å skape høve til nye turar.

– Vinje kommune sin bustadstruktur er nok rett å definere som spreiddbygd, og slik sett er det naturleg at ikkje alle benkene blei plasserte i sentrum, fortel Ann-Kristin Egge, bustadkonsulent i Vinje.

Ikkje berre i sentrum

En benk står plassert ved siden av et postkassestativ
Foto: Asle Fjellestad

I tillegg var saka om aldersvennlege benker også oppe i Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne for å få nyttige innspel frå ei viktig brukargruppe.

Benkene vart plassert ut hausten 2023. Sigrid og Ann-Kristin fortel at dei nok kunne gjort meir i etterkant av at benkane vart plassert ut.

– Planlegg for betre marknadsføring i etterkant av medverkingsprosessen for å vise at innspela og engasjementet blei verdsett. Benker er eit enkelt, men verdifullt tiltak som kan vere starten på noko større.

– Vi kunne nok ha vore betre på oppfølginga av medverkingsprosessen i ettertid for å skape endå meir blest om prosjektet og at benkane har kome ut. Men det er ikkje for seint enno, smiler Sigrid.

Oppgradering av eksisterande benkar

Sjølv om det er betre med ein benk enn ingen benk, så er det også ein gong slik at det ikkje nødvendigvis er alle benker som er like aldersvennlege.

− Ein aldersvennleg benk må stå lett tilgjengeleg frå stien eller vegen. Så har de allereie sett ut benker, ta ein runde – gjerne saman med eldre, og sjå om dei er lette å komma til, tipsar Anne Berit.

Enkle grep kan også gjera sjølve benken meir aldersvennleg.

− Det å montere armlene på benkene vil gjera det enklare å både setja seg ned og komma seg opp att, avsluttar Anne Berit.

Aldersvennlege benkar

Saman med ekspertar innan universell utforming og eldre innbyggjarar har Senteret for eit aldersvennleg Noreg laga eit sett med kriterium for aldersvennlege benker. Benker som blir laga etter kriteria, kan også merkast som aldersvennlege.  

Les meir om kriteria og merkinga her

Tips til finansiering av aldersvennlege benkar

Friluftsrådenes landsforbund og Gjensidigestiftelesen lysar ut midlar til fysiske tilretteleggingstiltak som gjer nærnaturen meir tilgjengeleg for alle. Både offentleg, frivillige, og andre organisasjonar kan søkje om tilskot til prosjekt. I første omgang er utlysinga ei prekvalifisering, der alle blir inviterte til å sende inn skissesøknader. 

“God og trygg tilgang til naturen” er eit nasjonalt initiativ frå Gjensidigestiftelsens Naturglede-satsing. Friluftsrådenes landsforbund leier arbeidet og samarbeider med ei rekkje aktørar for å sikre gjennomføringa av prosjekta.

Les meir her