Aldersvennlege tiltak frå Gøteborg

Postet: 07.06.24 (oppdatert 12.06.24)
"Pratbänken" er eit av tiltaka i Gøteborg sin aldersvennlege handlingsplan.

Emma Matsson, utviklingsleiar i Åldersvänliga Göteborg, var andre forelesar ut i webinarrekka der vi løftar fram perspektiv frå det internasjonale aldersvennlege arbeidet. Emma delte raust frå Gøteborg sitt arbeid og viste til fleire konkrete tiltak: alt frå benker og bustad, til transport og digital inkludering.

– Vi har henta mykje inspirasjon frå Noreg, og no håpar eg de kan få litt inspirasjon frå arbeidet vårt òg, innleidde Emma. Ho viste til Rosa bussar i Oslo, og etter kvart også Rullatorløpet i Oslo og Generasjonsleikane som Gøteborg skal arrangere for første gong i august i år. 

Gøteborg er medlem i WHO sitt globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn og Nordens velferdssenters nordiske nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn. Sidan 2016 har dei jobba for å bli meir aldersvennleg og inkluderande.

Her kan du sjå opptak av webinaret.

Aldersvennleg handlingsplan

Emma fortalde korleis dei har involvert fleire avdelingar i kommunen, og fått forankra arbeidet med aldersvennleg på tvers. Det har resultert i ein eigen handlingsplan med tiltak som skal gjere byen til ein god stad å bli eldre. Handlingsplanen er òg tett knytt opp mot FN sine berekraftsmål. Heile vegen har det handla om å snu utfordringane med ei aldrande befolkning til ei moglegheit.

– Med eit aldersvennleg perspektiv i planlegginga, skaper vi moglegheiter for den yngre generasjonen, men også kommande generasjonar, understreka Emma.  

emma mattson smiler til kamaera
Emma Mattson

Involvering og samarbeid på tvers om Aldersvennlige Gøteborg gjer at arbeidet fungerer som ei samhandlingsplattform – både internt, men også eksternt.

–  Når vi møtest på tvers av administrasjon, næringsliv, innbyggjarar og organisasjonsliv, så hender det noko. Det blir meir enn å gjennomføra aktivitetar i ein handlingsplan. Det handlar om å læra å kjenna kvarandre og skapa synergieffektar.

Fleire konkrete aldersvennlege tiltak

Tiltaka i Gøteborg si handlingsplan er fordelte på seks innsatsområde, og spring ut frå WHO sitt rammeverk for aldersvennleg utvikling: mobilitet, sosial deltaking, bustad, stadsutvikling, informasjon og kommunikasjon, og samfunnstenester og service.

Emma viste til fleire døme, mellom anna "pratbänkar", auka tilgjengelegheit i kollektivtransporten, investeringar for auka digital kompetanse og servicebustader som også skal fremje møte mellom ulike generasjonar.

Seniorressursen som framtidsutviklarar

For å sikra medverknad gjennom heile arbeidsprosessen med Aldersvennlig Gøteborg vart det laga eit eige oppdrag for seniorar som fekk namnet Framtidsutviklarar. Dette er ei gruppe seniorar, som ønskjer å bidra på frivillig basis i arbeidet for eit meir aldersvennleg Gøteborg. Dei må likevel gjennom ein eigen prosess, med søknad, cv og intervju.  

– Deltakinga til seniorane er grunnlaget for å lykkast med å skape aldersvennlege samfunn.

– Framtidsutviklarane har ulik erfaring og kompetanse, kjem frå ulike delar av Gøteborg, men dei har eit stort engasjement i arbeidet med å skape ein aldersvennleg by, fortalde Emma.

Framtidsutviklarane er involvert i alt frå byplanlegging til digital inkludering.

– No er dei så ettertrakta at vi søkjer fleire, kunne Emma fortelje.