Leve heile livet i eigen bustad

Gjennom prosjektet «Leve heile livet i eigen bustad» har Ørsta kommune ønska å bidra til at innbyggarane gjer kloke val og tilrettelegging av eigen busituasjon gjennom heile livsløpet.

Endring i befolkningssamansetting dei neste åra vil gradvis gje ein stor auke i tal eldre over 67 år, og vil samtidig  gje om lag tilsvarande færre innbyggarar i yrkesaktiv alder og mangel på arbeidskraft. For mange vil ein god og tilgjengeleg bustad i alle livsfasar minimere eller utsette behovet for omfattande hjelp frå ei stadig meir pressa kommunal omsorgsteneste.

Gjennom prosjektet har Ørsta kommune arbeidd målretta med informasjon til innbyggarar, med forankring og støtte frå lokal byggenæring, Husbanken, bankar, kommunale fagområde, politikk, lag og organisasjonar. Dette slik at vi saman skapar moglegheit for at innbyggarane kan gjere dei viktige og rette grepa for eigen busituasjon gjennom heile livsløpet.

Medverknad og informasjonsarbeid

For god kunnskaps- og informasjonsdeling til innbyggarar og medspelarar, har kommunen i prosjektperioden arrangert bustadmesser, fleire temamøter, hatt mange foredrag for ulike grupper, nytta lokalpressa og kommunen si heimeside.

I prosjektperioden har kommunen nådd ut til mange innbyggarar gjennom eit breitt informasjonsarbeid. Dette har gjeve refleksjonar og vidare spreiing av informasjon mellom innbyggarane. Mange har fått nye tankar om bustaden sin med ny kunnskap.

Kommunen har også gjennom bustadmessene og i lokalavisa fremma eksempel på eldre som har gjort gode bustadval.

Les sluttrapporten her (google.drive)

  • Prosjektnavn:
    Leve heile livet i eigen bustad
  • Kommune:
    Ørsta
  • Mål:
    Bidra til at Ørsta kommune sine innbyggarar gjer kloke val og tilretteleggingar av eigen busituasjon gjennom heile livsløpet
  • Organisering:
    Prosjektleiar i samarbeid med breitt samansett arbeidsgruppe og styringsgruppe
  • Finansiering:
    Husbanken har gjeve tilskot til bustadtiltak
  • Medvirkning:
    Representantar frå eldrerådet og råd for likestilling av funksjonshemma. I tillegg inviterte vi inn eit nokre eldre som sjølv viste stor interesse for temaet
Kontaktperson: Irene Graskopf