Kultur på hjul
Kultur på hjul er eit lågterskel seniortilbod med transport til heimebuande eldre gjerne, frå 70 år og oppover. Kultur på hjul bringer eldre til ulike kulturelle og sosiale opplevingar, i samarbeid med frivillige og skuleungdommar.
Tilbodet vart etablert for å motvirke passivitet og einsemd hos eldre heimebuande og gje dei ein meir aktiv og sosial kvardag. Ungdomsskuleelevar som har valt «Innsats for andre» i valfag er også inkludert for å skape gode generasjonsmøter og gje dei unge gode praksiserfaringar.
Det vert arrangert ulike turar omtrent ein til to gonger i månaden, der deltakarane drar til ein plass ein kan oppleva noko kulturelt. I praksis bestiller ein taxi frå eit av kommunens taxifirma som reiser heim til dei som har meldt seg på og hentar dei. Eksempel på arrangement eldre har vore ute på er blant anna konsertar, foredrag, kafèbesøk, besøkt ein juletregard, arrangert julebord og fått omvising på eit av fyra i nærleiken. Kvar tur inneheld og mat og kaffi, god tid til gode samtalar og bygging av relasjonar mellom deltagara.
Kultur på hjul har alltid med frivilligkontaktar frå Helse & Velferd, ein del frivillige, nokre skuleungdommar og eit par personale frå heimesjukepleiene. Taxien køyrar same rute i retur, slik at alle kjem seg trygt heim igjen.
I starten av prosjektet var det seks til åtte deltakarar på turane, men den siste tida har vi vore 20 deltakarar. På julebordet som nettopp ble gjennomført, var det 100 deltakarar og fleire på venteliste. Dette har gjort at det og blir nyttårsfest.
-
Prosjektnavn:Kultur på hjul
-
Kommune:Klepp
-
Mål:Motvirke passivitet og einsemd hos eldre heimebuande, og gje dei ein meir aktiv og sosial kvardag.
-
Organisering:Klepp kommune med prosjektleiar og frivilligkoordinator. Lokale taxiselskap står for transporten.
-
Finansiering:Prosjektmidlar frå Helsedirektoratet (etter søknad). I 2025 innførast ein eigenandel.
-
Medvirkning:Kommunen, ungdomsskulen, frivillige og lokale transportselskap
