Hamnepromenaden
Folk i Stord, og kanskje særskilt dei eldre, har identiteten sin tett knytt til sjøen og det maritime miljøet. Fortetting og privatisering av strandsona har redusert tilgjenge til sjø. I ulike innspelsprosessar har det kome fram eit ønskje om å gjera strandsona i sentrum meir tilgjengeleg, også for dei som har nedsett funksjon.
På bakgrunn av dette er det opparbeida ein universelt utforma turveg/promenade som går langs hamna i sentrum og ut til Onarheimsparken - eit utsiktspunkt med kunstverket «Storddøra» (Sissel Tolaas 2006). Promenaden er terskelfri med ledeliner, benker, og lyssetting.
Promenaden er mykje nytta som turveg av folk i alle aldrar, og særskilt av dei mange eldre som har busett seg i dei nye leiligheitsbygga i sentrum.
-
Prosjektnavn:Hamnepromenaden
-
Kommune:Stord
-
Mål:Fremja trivsel og tilhøyrsle, og gjera hamneområdet meir tilgjengeleg og attraktivt for alle
-
Organisering:Stord kommune v/Stord hamn har stått for gjennomføring
-
Finansiering:Stord kommune
-
Medvirkning:Innbyggjarane har gitt innspel i ulike medverknadsprosessar knytt til kommuneplanarbeidet. Gjennomført seniortråkk i sentrum
Kontaktperson: Inge Espenes, Stord kommune