Nye tall: Vi planlegg for livet som pensjonist
Nesten ni av ti nordmenn meiner at kvar enkelt må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikre seg ein god alderdom. Og vi er flinke til å planleggje. Både for eigen økonomi og fysiske helse.
Det viser tala i Helsepolitisk barometer som er gjennomført av Kantar for mellom anna Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
− Aldri før har så mange meint at vi sjølv må ta større ansvar for bustad, helse og sosialt liv for å få ein god alderdom. Det startar med planlegging – og stadig fleire gjer dette tidleg i livet, seier Nina Myklebust, fung. leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Oppslutninga aukar mest blant dei eldste
I år svarer heile 85 prosent at folk må ta større ansvar. Dette er ein markant auke frå dei siste fem åra, der andelen har vore mellom 79 – 80 prosent.
Samtidig er det slik at semja om, og støtta til at vi sjølve må ta ansvar for livet som pensjonist aukar med alderen.
− Etter fleire år med dalande semje blant dei eldste, er det her vi finn den sterkaste veksten, fortel Myklebust.
I 2023 meinte 93 prosent av dei over 75 år at folk burde ta større ansvar for sin eigen alderdom, medan talet sokk til 86 og 85 prosent i 2024 og 2025. I år er det 94 prosent som er heilt eller delvis samde i dette.
Planlegg økonomi og fysisk aktivitet
Planlegging er ein viktig del av det å ta ansvar. Åtte av ti svarer at dei har lagt ein plan eller gjort seg tankar om korleis dei skal få det slik dei ønskjer som pensjonist.
− Det er gledeleg. Når vi veit at vi lever nærare ein tredel av livet vårt etter at vi har vorte pensjonistar, er det fint å sjå at mange legger planar og har tankar for kva dei både kan og skal gjere for at denne tida blir best mogleg, seier Myklebust.
Økonomi er det folk først og fremst legg planer for. Her svarer halvparten av befolkninga – uansett alder, at dei har lagt planar. Og det er også her vi ser at planlegginga startar tidlegast.
Vidare har vi også lagt planar for korleis vi kan halde oss fysisk aktive når vi blir eldre. Fysisk aktivitet er noko vi meiner vil vere viktig for eit godt liv som pensjonist.
Det er aldri for seint
Sjølv om vi er gode på planlegging, peikar Myklebust på at det framleis er mange som skyv det å bli eldre framfor seg. Éin av ti over 60 år svarer at dei ikkje har lagt planar eller tenkt på korleis dei vil ha det som pensjonist.
– Vi planlegg for det meste her i livet, og då er det også naturleg at vi legg gode planar for dei siste 20 - 30 åra av livet. Skal du gjere grep og endringar er det viktig å setje i gang medan du enno kan og har helse til det, seier Myklebust. Samtidig understrekar ho betydning av at vi alle sjølvsagt må få hjelp den dagen vi treng det.
I Senteret for eit aldersvennleg Noreg er ei av oppgåvene å gjere innbyggjarane bevisste på kva det betyr å planleggje for eige pensjonisttilvære. Bli inspirert på planleggelitt.no.
Hovudfunn frå senteret sine spørsmål
-
85 % meiner at kvar enkelt sjølv må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikre seg ein god alderdom.
-
84 % i aldersgruppa 45-59 år har lagt planar eller gjort seg opp tankar om korleis dei skal få det slik dei ønskjer som pensjonist.
-
11 % av dei over 75 år har ikkje gjort seg nokon tankar eller planlagt for eigen alderdom.
-
Dei fleste (52 %) har lagt planar for korleis dei skal sikre seg ein trygg økonomi som pensjonist.
-
Familie og venner (58 %), moglegheit for fysisk aktivitet (49 %), og kunne bu heime lengst mogleg (40 %) er det flest meiner vil vere viktig når dei blir pensjonist.
-
Mange av oss, 43 %, har tenkt på korleis vi skal halde oss fysisk aktive. Dette går likevel litt tilbake frå fjoråret då talet var 45 %.
-
Berre 28 % har planlagt eller gjort seg tankar om korleis dei skal halde seg sosialt aktive som pensjonistar.
-
Verdien av å kunne bu heime lengst mogleg aukar med alderen. Samtidig er dette noko av det som fell mest blant det vi meiner er viktig. I 2025 svarte 75 % av 75 år+ at det var viktig, i år er det 66 % som svarer det same.
-
På spørsmål om kva tenester ein er villig til å betale for slik at ein kan bu heime lengst mogleg, er det reingjering som toppar lista med 55 %, etterfølgd av snømoking/plenklipping (44 %) og hjelp til innkjøp og levering (38 %).
-
På spørsmål om kva ein meiner det offentlege bør betale, peikar dei fleste på reingjering (42 %), deretter hjelp til innkjøp og levering (31 %) og praktisk hjelp i heimen (26 %).
-
Aldersgruppa 75+ ventar generelt støtte frå det offentlege.
Om Helsepolitisk barometer
Helsepolitisk barometer er ei uavhengig undersøking, utvikla og eigd av marknadsanalysebyrå KANTAR. Formålet med undersøkinga er å kartleggja haldningane til befolkninga i helsepolitiske spørsmål.
Samarbeidspartnarar i årets Helsepolitisk barometer er mellom anna Senteret for eit aldersvennleg Noreg, NHO Geneo, Pårørendealliansen, Psykologforeningen m.fl.
Undersøkinga har i overkant av 2000 respondentar. Utvalet er representativt for befolkninga over 18 år. Datainnsamling er gjord mellom 16. desember 2025 – 8. januar 2026.
