Testar nasjonal satsing for å få fleire digitale eldre

Postet: 11.03.26 (oppdatert 12.03.26)
Ryggen til en dame som ser ned på en smarttelefon
Eitt av tiltaka som skal prøvast ut, er datahjelp heime, der opplæringa skjer i eigen heim.

Kommunane Fjord, Ulstein og Volda har inngått ein avtale med Senteret for eit aldersvennleg Noreg om å prøve ut nye tiltak for å få fleire eldre digitale. Målet er å utvikle løysingar som kan gi stor effekt og som kan rullast ut i heile landet.

– Dette har vi verkeleg sett fram til å få i gang, seier Nina Myklebust, fungerande leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

– Vi er svært nøgde med å ha fått med oss desse tre kommunane på Sunnmøre i utprøving av nye måtar å få fleire eldre meir digitale. 

Nina fortel at med bidrag gjennom desse pilotane, i tillegg til dei tiltaka som alt er i gang i kommunane, er ønskje å vekkje interesse både hos dei som ønskjer å bli betre til å bruke smarttelefon og datamaskin, og dei som enno ikkje har kasta seg ut i det digitale livet.

– Det er aldri for seint!

Kartlagt kva tilbod som finst

Senteret er ein del av Helsedirektoratet og lokalisert i Ålesund. Derfor betyr det mykje at det er kommunar i vår region som deltek i pilotane. 

Sidan senteret fekk i oppdrag frå regjeringa å bidra til at fleire eldre blir digitale og i større grad greier seg sjølv, er det gjennomført ei omfattande kartlegging.

– Det har vore viktig for oss å finne ut kva tilbod som finst, kva som fungerer, og ikkje minst kva folk sjølv ønskjer seg, forklarar Nina.

Opplæring i heimen 

Mange vegrar seg for å delta på kurs i grupper. Samtidig veit vi at fleire har utfordringar med å komme seg til stader der opplæring og aktivitetar blir tilbydt. Mange uttrykkjer ønskje om å få hjelp heime. Dette blir eit sentralt element i pilotprosjektet. 

– I tillegg til å teste digital opplæring heime, skal pilotane også omfatte ein felles møteplass for opplæring, hjelp, spill og sosiale aktivitetar, forklarar Nina.

Portrettbilde Nina
Nina Myklebust, fung.leiar Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Foto: Nina Rangøy

Senteret utviklar eit eige kursopplegg med pedagogisk tilrettelagt materiell i samarbeid med Kakadu - eit norsk teknologiselskap som lagar digitale rettleiingar for folk som slit med digitale tenester. 

– Videre vil det bli og bli høve til å låne nettbrett med seg heim, slik at ein kan øve i eige tempo utan å måtte investere i eige utstyr, fortel Nina.

Tiltaka er retta både mot dei som i dag ikkje er digitale, og mot dei som kan litt, men som strevar med enkelte oppgåver. 

Mange heng ikkje med 

Noreg har som mål å bli verdas mest digitale land innan 2030. I dag er ein av ti innbyggjarar ikkje-digitale eller svakt digitale, og størsteparten av desse er eldre.

– Den raske digitaliseringa i samfunnet gjer det krevjande for mange eldre å henge med. Digital kompetanse og tilgang til digitale hjelpemidlar er viktig for å kunne delta i en stadig meir digitalisert kvardag, avsluttar Nina.