Storbritannia måler effektane av aldersvennlege tiltak – og det gir resultat

Postet: 10.06.25 (oppdatert 10.06.25)
Eldre dame står forran en fargerik vegg og smiler
Foto: Centre for Ageing Better

Korleis veit vi eigentleg om aldersvennlege tiltak verkar? I Storbritannia har UK Network of Age-friendly Communities målt og identifisert 10 konkrete resultat arbeidet med aldersvennleg har hatt for eldre og lokalsamfunnet.

Nettverket blir leidd av den britiske stiftinga Centre for Ageing Better og representerar over 90 byar og lokalsamfunn som jobbar for å gjere samfunnet betre for eldre. No har dei for første gong samla og analysert erfaringane sine i ein nasjonal rapport – for å vise kva som faktisk fungerer.

Rapporten Age-friendly Communities Impact Report svarer på eit behov mange kommunar kjenner seg igjen i: Korleis dokumenterer vi effekten av tiltak som ofte handlar om haldningar, samarbeid og langsiktig endring? Ved å samle inn data frå over 45 medlemskommunar, har britane klart å peike på ti tydelege effektar – både for arbeidet i kommunen og for eldre innbyggjarar.

10 konkrete effektar

Effektar for lokalsamfunn og system:

  1. Betre samarbeid og ressursbruk
    Kommunane og lokale aktørar jobbar meir saman, unngår dobbeltarbeid og får meir ut av ressursane.
  2. Meir kunnskapsbaserte avgjerder
    Kommunar bruker både lokal innsikt og nasjonal kunnskap for å prioritere rett.
  3. Eldre får seie si meining
    Eldre blir involvert i utforming av politikk og tiltak – ikkje berre som brukarar, men som medskaparar. Det blir etablert strukturar for medverknad, som eldreutval og ambassadørprogram.
  4. Endring i haldningar og språk
    Aldring blir ein naturleg del av politikken og kommunen sine strategiar, og ein snakkar meir positivt og inkluderande om eldre.
  5. Meir førebygging i praksis
    Det blir fokus på tiltak som styrkjer helse og deltaking før utfordringane oppstår.

Effektar for eldre:

  1. Betre tilgang til stader og transport
    Fysiske omgivnader og transporttilbod blir betre tilpassa behovet til eldre, slik at dei lettare kjem seg rundt i lokalmiljøet.
  2. Betre tilgang til tenester
    Tenester blir betre tilpassa eldre, både digitalt og fysisk.
  3. Fleire sosiale møteplassar
    Tiltak som motverkar einsemd og byggjer fellesskap.
  4. Større innverknad og representasjon
    Eldre får ei stemme i avgjerder som gjeld dei.
  5. Betre helse og trivsel
    Frå gågrupper til helsesjekkar – tiltaka bidreg til betre livskvalitet.

Kva kan vi lære?

Profilbilde der dame med langt hår smiler
Charlotte Lewis Senior Programme Manager Localities i Centre for Ageing Better

Kvar kommune og kvart lokalsamfunn i Storbritannia har ulike områder dei satsar på i arbeidet for meir inkluderande og tilgjengelege lokalsamfunn. Det same gjeld i Noreg. Mange aldersvennlege tiltak handlar om å endre haldningar og arbeidsmåtar over tid. I tillegg manglar mange ressursar og kompetanse til å evaluere tiltaka som vert sett inn.

– Det viktig å forstå kva som verkar – både for å få støtte og for å vite at ein er på rett veg, understrekar, Charlotte Lewis, Senior Programme Manager Localities i Centre for Ageing Better då ho presenterte rapporten i eit av webinara våre tidlegare i sommar. 

Sjå webinaret Effekten av aldersvennlege tiltak her.

– Storbritannia og nettverket viser at aldersvennlege tiltak og satsinga på ei meir aldersvennleg samfunnsutvikling nyttar – og at det er mogleg å måle effektane, sjølv om det er krevjande. Det gir både legitimitet og læring, seier Anne Berit Rafoss, som leier det norske nettverket for aldersvennlege lokalsamfunn.

– For norske kommunar som allereie jobbar med, eller vurderer å starte, aldersvennleg arbeid, er dette ei påminning om kor viktig det er å dokumentere og dele resultat, avsluttar ho.