Seks gode grunnar til å gjennomføre Eldrerådskurset
Eldrerådskurset er eit gratis tilbod til alle kommunar og fylkekommunar, og kan styrke eldreråda i rolla si og den medverknaden dei har i utviklinga av aldersvenlege lokalsamfunn.
Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.
Eldrerådskurset gjennomførast i 2024, og består av ein digital modul og ein fysisk modul. Her er oversikt over tid og stad for dei fysiska samlingane,og under har du seks gode grunnar til å gjennomføre Eldrerådskurset:
Gir auka kompetanse
Ved gjennomføring av Eldrerådskurset får deltakarane auka forståing for relevante lovverk, politiske målsetjingar og kommunale planprosessar. Dette hjelper eldreråda å gi betretilrådingar til kommunen - i tråd med utviklinga av eit aldersvennleg lokalsamfunn.
Sikrar et mangfald av stemmar
Ei grunnleggjande opplæring av rådet sikrar at alle medlemmar, ogå dei med ikkje-politisk erfaring, blir bedre rusta til å skjøtte rolla som talerøyr og brubyggjar mellom eldrebefolkninga og kommunen si administrative og politiske leiing.
Skapar nye nettverk
Deltakarane får høve til å byggje nettverk med andre eldreråd, ekspertar og organisasjonar. Dette kan vere verdifullt for å utveksle erfaringar og idear, og inspirere og prøve ut nye løysingar og skape endringar i eigen kommune.
Byggjer eit aldersvennleg lokalsamfunn
Fram til 2060 vil andelen eldre i befolkninga nesten bli dobla. Skal vi lykkast med å skape eit aldersvennleg samfunn, er eldre sjølv ein viktig bidragsyter og ressurs. Eldrerådskurset kan hjelpe råda til å sjå viktigheita av oppgåva si i utviklinga av aldersvennlege lokalsamfunn.
Møter etterspurnaden
Eldreråda har sjølv ytra eit ønske om meir og betre opplæring. Eldrerådskurset er utarbeidd på oppdrag frå Regjeringa for å komme dette ønske i møte, og er ein del av ei større satsing som vil bli bygd ut over tid.
Kurset er gratis
Eldrerådskurset er eit gjennomarbeidd opplæringsprogram og blir tilbode heilt gratis til alle kommunar. Kursdeltaking er ei investering med svært låg kostnad og høg verdi, både for rådsmedlemmane og kommunane.
Eldrerådskurset
Utviklinga og gjennomføringa av Eldrerådskurset skjer på oppdrag frå Regjeringa, med ønskje om å styrkje medverknad og reell innflytelse for eldre innbyggjarar overfor kommunestyret i saker som omhandlar dei eldre.
Alle eldreråd i landet vil få tilbod om å ta kurset. Tilbodet vil vi leggje stor vekt på korleis eldreråda kan bidra og medverke i utviklinga av aldersvennlege lokalsamfunn. Samstundes vil det gje dei ein god introduksjon til rolla dei har og kan ta som eldreråd.