Sandnes er nytt medlem i WHO sitt aldersvenlege nettverk

Postet: 24.09.25 (oppdatert 24.09.25)
Profilbilde av Elisabeth Øverland
Elisabeth Øverland, fagleiar i Fagstab Helse og velferd i Sandnes kommune

No er det klart at Sandnes kommune er teke opp som medlem i Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt Globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn.

Sandnes er allereie medlem i det norske nettverket og har fått hjelp til søknadsprosessen av Senteret for eit aldersvennleg Noreg – som er samarbeidspartnar i WHO sitt nettverk.

– Vi er veldig glade for å bli ein del av dette fellesskapet. Gjennom nettverket får vi ny kunnskap og erfaringar frå heile verda. Samtidig ønskjer vi å bidra med våre eigne erfaringar og tiltak – både dei vi har prøvd ut og dei vi planlegg – slik at vi saman kan utvikle gode løysingar, seier Elisabeth Øverland, fagleiar i Fagstab Helse og velferd i Sandnes kommune.

– At vi blir fleire eldre gir både utfordringar og moglegheiter, og vi ønskjer å vere proaktive i arbeidet med å skape eit inkluderande og berekraftig samfunn for alle aldersgrupper, legg ho til.

Aldersvennleg er godt forankra i planverket til kommunen

I 2021 starta kommunen prosjektet Sandnes blir eldre for å møte den forventa veksten i talet på eldre innbyggjarar. Som ein del av dette prosjektet vart det utvikla ein eigen handlingsplan knytt til aldersvennleg samfunn.

− Handlingsplanen har tiltak innan samfunnsplanlegging, møteplassar, frivilligheit og samarbeid med lokalt næringsliv, fortel Elisabeth.

Kommunen har ei tydeleg satsing på å utvikle eit aldersvennleg samfunn, og arbeidet er også forankra i kommuneplanen for 2023–2038. Der er eit av hovudmåla er at «Sandnes skal vere eit inkluderande og mangfaldig samfunn».

− Dette inneber mellom anna å skape gode og tilgjengelege nærmiljø og møteplassar som fremjar tryggleik, tilhøyrsel og identitet for alle aldersgrupper, fortel Elisabeth.

Ei anerkjenning av arbeidet

Sandnes er den fjerde norske kommunen i Noreg som sluttar seg til det globale initiativet. Stavanger, Oslo og Trondheim er allereie medlemmer.

− Som medlem av WHO sitt nettverk vil Sandnes ha høve til å samarbeide med andre byar og lokalsamfunn over heile verda for å utveksle beste praksis og løysingar som adresserer utfordringane og behova til ei aldrande befolkning, fortel Anne Berit Rafoss i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Ho understrekar samtidig at det globale nettverket ikkje berre er for dei store kommunane her til lands. Det globale nettverket har medlemmer i alle storleikar, at frå mindre kommunar med rundt 1300 innbyggjarar til dei store millionbyane.

− Eit medlemskap i det globale nettverket betyr anerkjenning av det aldersvennlege arbeidet i kommunen så langt, samtidig som det skaper forplikting, men ikkje minst motivasjon til å halde fram det gode arbeidet, avsluttar Anne Berit.

Om Verdas helseorganisasjon sitt Globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn

WHO’s Globale nettverk for aldersvennlege byar og lokalsamfunn vart lanserte i 2006 for å oppmuntre til etableringa av byar og lokalsamfunn som er eigna for menneske i alle aldrar å leve og delta i samfunnet. Nettverket fremjar tiltak som støttar aktiv og sunn aldring, inkludering og deltaking, og gir retningslinjer og ressursar for å støtte kommunar i å bli meir aldersvennlege. WHO har utvikla verktøy, rammeverk og har database av døme frå heile verd og moglegheiter for auka kunnskap, erfaring og forsking innan aldersvennleg utvikling.

Senteret for eit aldersvennleg Noreg er samarbeidspartnar i nettverket.

Les meir om nettverket her (who.int)