Rådet med innspel til ny nasjonal digitaliseringsstrategi

Postet: 13.12.23 (oppdatert 13.12.23)
Regjeringa har starta arbeidet med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi som etter planen skal vere klar i 2024. Foto: Centre for ageing better

​​​​​​​Rådet for et aldersvennlig Norge er ein av instansane som har gitt munnleg og skriftleg innspel til regjeringa sitt arbeid med ny nasjonal digitaliseringsstrategi. Dei peikar mellom anna på at det ikkje er gitt at den digitale kompetansen frå arbeidslivet blir med over i pensjonisttilværet.

Artikkelen er 142 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Frå regjeringa sitt arbeid med strategien heiter det at:

Strategien skal mellom anna stake ut kursen for vidare digitalisering av offentleg sektor, leggja betre til rette for næringsretta digitalisering og ta opp viktige samfunnsspørsmål. Målet er sterkare samordning og utvikling av ein heilskapleg politikk som går på tvers av offentleg og privat sektor. Strategien skal etter planen vere ferdig i 2024.

Rådet og Senteret for et aldersvennlig Norge ser stor verdi i at det blir utarbeidd ein gjennom-gripende strategi for digitaliseringa i statleg sektor i åra som kjem.

Vi må ikkje springe frå folk

I arbeidet som no blir gjort må det likevel takast høgde for at ikkje alle er digitale, og at det også vil krevje ressursar å få fleire med, og dessutan forhindra at dagens digitale ikkje fell frå.

I Noreg er vi leiande på digitalisering. Det er i og for seg bra. Men ambisjonen om å vere først og best gjev og utfordringar. Vi  må sikre av vi ikkje  misser nokon undervegs. Vi må ikkje springe frå folk, heiter det i innspelet frå rådet.

Samfunnet endrar seg og digitaliseringa går stadig raskare. Nye løysingar kjem og opnar nye moglegheiter, også for den eldre delen av befolkninga.

Ikkje nok med kurstilbod og opplæring

Samtidig som det blir opna for nye løysingar og moglegheiter, må vi hugse at det er mange menneske som manglar tilstrekkeleg utstyr og infrastruktur, eller har liten digital kompetanse. Det er derfor ikkje nok å ha fokus på kurs og opplæring. Ein må og ta høgde for alle dei andre elementa som trengs  i ei stadig meir digital verd.

− Aukande digitalisering vil i mange tilfelle føra til at desse blir sette utanfor samfunnet fordi det er løysingar som dei ikkje kan delta i, understrekar Berit Brørby, leiar av Rådet for et aldersvennlig Norge.

− Ein for rask digitalisering vil skape ein fare for at gruppa av personar som er ikkje-digitale eller i risikogrupper ikkje blir mindre, men veks.

Digitalisering på arbeidsplassen

I arbeidslivet er det gjerne nokon å spørje om ein står fast. Denne moglegheita blir ikkje alltid med inn i pensjonisttilværet.

− Det betyr at dei som er rimeleg digitale i arbeidslivet, lett kan bli mindre og mindre digitale med åra, om det ikkje blir sette i verk tiltak, meiner Berit.

Vidare meiner ho og at det er ein risiko for at ein for rask digitalisering på arbeidsplassen gjer at medarbeidarar ikkje heng med, og derfor sluttar i jobben tidlegare enn dei ønskjer.

− Med dei demografiendringane vi står i er det avgjerande at fleire står lengre i arbeid.

Profilbilde av Berit som smiler til kamera
Berit Brørby, leder Rådet for et aldersvennlig Norge.

Knytt opp til Bo trygt heime-reforma

Stadig større sosial forskjell i samfunnet er og trekk i utviklinga som kan gi utslag her. Konsekvensane er at grupper i samfunnet ikkje får likeverdig tilgang til tenester og rettar dei har krav på.

Den nye reforma “Bu trygt heime" har som mål at innbyggjarane skal bli buande heime så lenge som mogleg. For å møte eit auka behov for omsorgstenester med stadig fleire eldre, vil ein del tenester bli erstatta av digitale løysingar.

− Då er det viktig at mottakarane er komfortable med digitale løysingar frå før, avsluttar rådsleiaren.

Kva er dine forventningar til strategien? Her kan du gi dine innpel.

Her er Rådet for et aldersvennlig Norge sine forslag til tiltak for å sikra digital inkludering:

  • Prinsippet om at alle skal med er viktig. Då må hindringar og utfordringar som bidreg til at risikogrupper fell utanfor blir identifiserte og adresserte.
  • Den nye strategien må peike på brukarvennlege tenester og løysingar, med låg brukarterskel. Brukargruppene må bli tidleg involverte når nye tenester og løysingar skal utviklast.
  • Det må stillast krav om homogen utforming av ulike offentlege portalar og digitale løysingar i form av ein gjennomgåande tanke og struktur bak utforminga av løysingar innan same sektor. Gjenkjenning vil senke brukarterskelen. Og det må bli varige, stabile og langsiktige tilbod.
  • Strategien må finne nye løysingar og prosedyrar for å sikre personvernet og unngå den "misbruken" av bank-id som er utbreidd i dag. Familie eller andre skal hjelpe og blir sleppt inn via bank-id til brukaren. Slik vil hjelpar kunne få tilgang til privat og sensitiv informasjon vedkommande ikkje burde hatt.
  • Det må utviklast nye løysingar for fullmakter og bank-id. Kan ein få sertifiserte hjelparar? Det må bli løysingar der hjelpar må legitimere seg, og at det kan sporast tilbake til kven som har logga seg inn, når og kva vedkommande har sett og gjort.
  • Skal ein bli "Digital heile livet" må løysingane også leggast til rette for eldre med tanke på lesbarheit, og  "knappar" med god storleik som er lett å kjene att.
  • Det må satsast på opplæring av dei med låg digital kompetanse. Denne opplæringa må inn i faste rammer, og ikkje berre vere basert på frivilligheita. 
  • Det må utviklast "dummyar" til nye digitale løysingar, slik at ein kan øve utan å leggje att privat og sensitiv informasjon. Med homogen utforming av ulike løysingar vil opplæringa vera lettare å gjennomføre.
  • Med tanke på sårbare grupper må det etablerast ei støtteordning for dei som ikkje har utstyr eller har tilstrekkeleg nett-tilgang. Familiar som lever i fattigdom aukar, og dei må også med.
  • Ein del vil aldri bli digitale. Det må vera analoge løysingar for dei som ikkje er eller blir digitale. 
  • Blant dei som aldri er på nett, er det berre ein av fire som seier at dei ville vore interesserte i å delta på opplæring i bruk av internett, dersom dei fekk tilbod om det. (Kjelde: Sølvdata/ Eldreombodet). Det må innhentast meir innsikt om bakgrunnen for at så mange ikkje er digitale og kvifor dei ikkje ønskjer å bli det. 
  • Med tanke på denne innsikta vil eit tiltak vere å setja i verk ein haldningskampanje som ufarleggjer det å bruke digitale løysingar.