Prosperastiftelsen er med på vegen til eit meir aldersvennleg Noreg

Postet: 03.09.25 (oppdatert 29.08.25)
Gruppebilde med styret og ansatte i Prosperastiftelsen
Styret og dei ansatte i Prosperastiftelsen. Foto: Prosperastiftelsen

Prosperastiftelsen engasjerer seniorar – både yrkesaktive og pensjonistar – i frivillige oppdrag der dei får høve til å bruke kompetansen og erfaringa si. No er dei signerte som samarbeidspartnar med Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

– For å skape utvikling og vekst er det viktig å mobilisere alle gode ressursar og krefter i samfunnet. Eldre har stor kompetanse frå eigne erfaringar, som vi ønskjer å leggje til rette for at blir tekne i bruk på ein god måte, seier Martha Sofi Dragsund Kristoffersen, daglig leier i Prosperastiftelsen

Kompetansebasert frivilligheit

Portrettbilde av Martha Sofi Dragsund Kristoffersen, daglig leier i Prosperastiftelsen
Martha Sofi Dragsund Kristoffersen, daglig leier i Prosperastiftelsen

Prosperastiftelsen er landsdekkjande, og har over 1700 frivillige som delar av kompetansen sin for å bidra til å utvikle ideell sektor. Så langt har stiftelsen gitt bort over 200 millionar kroner i tenester til organisasjonar som ikkje har råd til å kjøpe slike tenester sjølv.

– Vi gjer det mogleg for fleire gode samfunnsprosjekt å lykkast gjennom å samle frivillige ekspertar som gir bort gratis eksperthjelp. Vi kallar det kompetansebasert frivilligheit, forklarer Martha.

Stiftelsen har allereie fleire eldre som er engasjert som frivillig hos dei. Dei er både i slutten av arbeidslivet og i pensjonisttilværet.

–  Gjennom å delta ein kveld i veka i tverrfaglege prosjekt får dei energi og glede, samtidig som prosjekta får stor nytte av erfaringane og kompetansen deira, seier Martha.

Bidreg allereie til eit meir aldersvennleg samfunn

Prosperastiftelsen ønskjer at kompetanse og erfaring skal kunne brukast på nye måtar og delast med dei som har dei gode ideane for korleis samfunnsutfordringane kan løysast.

– Vi ser at fleire grupper, og kanskje spesielt pensjonistar og innvandrarar, har unytta ressursar som vi bør dra nytte av, seier Martha.

– Ved å tilsetje seniorar til frivillige oppdrag, bidreg Prosperastiftelsen til eit meir inkluderande og aldersvennleg samfunn, seier Lina Frantzen i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

– Seniorene ønskjer fleksibilitet, og her får dei bidra med frivillig innsetts i prosjekt som er konkrete og tidsavgrensa. Det trur eg kan gjere det enklare for fleire å seie ja til å bidra, legg ho til.

Fremjar aktiv aldring

I tida framover vil ideell sektor måtte ta ein endå større del av samfunnsutviklinga. Det er mange behov som må løysast, samtidig som finansielle midlar stadig blir reduserte. Alt blir dyrare og krava til profesjonalitet og system blir stadig strengare.

– Det er derfor behov for å styrkje ideell sektor, og kompetansebasert frivilligheit kan ha ei viktig rolle i denne prosessen, meiner Martha.

– Vi er glade for å samarbeide Senteret for eit aldersvennleg Noreg, og gler oss til å sjå kva dette samarbeidet kan føre til, avsluttar ho.

OM PROSPERASTIFTELSEN

Prosperastiftelsen er ein ideell organisasjon som gir bort kompetanse til andre ideelle aktørar og sosiale entreprenørar. Gjennom eit landsdekkjande nettverk av over 1500 frivillige konsulentar tilbyr dei pro bono-prosjekter som styrkjer samfunnsnyttige organisasjonar. Visjonen deira er at ingen løysingar på sosiale utfordringar skal hindrast av mangel på kompetanse eller kapasitet.