Nytt partnarporsjekt vil få fleire seniormenn med i det frivillige
Eit nytt prosjekt skal samle argument og gode døme på kvifor det er viktig å leggje til rette aktivitetar for seniormenn i frivilligheita. Voksenopplæringsforbundet (VOFO), Nasjonalt senter for aldring og helse, Norske Kvinners Sanitetsforening og Norges frivilligsentraler er med i prosjektet som blir leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Prosjektet er i oppstartsfasen, og resultata frå arbeidet kjem neste år. Målet er å utvikle gode argument for å leggje til rette aktivitetar for menn. Samtidig skal det vise konkrete døme som kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar kan bruke i arbeidet med å få fleire seniormenn med.
– Frivillig arbeid er ikkje berre ein ressurs for samfunnet, men også ein nøkkel til betre helse og livskvalitet. Å vere ein del av eit sosialt fellesskap, bruke eigne ressursar og kjenne seg nyttig er grunnleggjande for god helse, fortel Lina Frantzen, som leier partnarprosjektet.
Eit alvorleg bakteppe
Og det er nettopp god helse og livskvalitet som er ein stor drivar bak prosjektet.
– Tre av fire som tek sitt eige liv er menn, og eldre menn er særleg utsette, fortel Eivind Aakhus, fagsjef for psykisk helse ved Aldring og helse.
Menn over 80 år er sterkt representerte i sjølvmordsstatistikken. Årsakene er samansette – frå rusproblem og skjulte psykiske utfordringar til kulturelle normer knytte til mannsrolla. Menn som mister partnaren sin, er spesielt sårbare.
– Tal frå Helsepolitisk barometer viser også at menn i mindre grad enn kvinner planlegg sitt sosiale liv som eldre. Kvinner møtest ofte i foreiningar og venneklubbar, medan menn byggjer nettverk gjennom jobb. Noko som forsvinn når arbeidslivet tek slutt, legg Lina til.
Førebygging gjennom det frivillige
Gjennom frivillig arbeid får seniorane høve til å bruke kompetansen sin, delta i sosiale aktivitetar og styrke nettverket sitt. Dette kan vere avgjerande for å førebyggje einsemd og psykiske utfordringar.
– Derfor er det viktig å leggje til rette for at lokalsamfunna har meiningsfulle aktivitetar og møteplassar som appellerer til vaksne menn og deler dei gode døma til inspirasjon for fleire, fortel Lina.
– Det å vere ein del av ein fellesskap og bidra med eigne ressursar er ABC for psykisk helse.
Tal frå det frivillige viser også eit stort potensiale for å sjå nærare på det frivillige som arena. 41 % av dei som ikkje er frivillige, kunne tenkje seg å bli det, medan 70 % har ikkje vorte spurde om å bidra det siste året.
Skal vere lett å bruke
Partnarane i prosjektet har med seg litt ulike perspektiv, og nettopp det meiner Lina er viktig for resultatet.
– I arbeidet med eit meir aldersvennleg Noreg må vi samarbeide på tvers. Og dei ulike partnarane i dette prosjektet har ulike roller, nettverk og erfaringar som er heilt avgjerande for at vi skal kunne levere.
Akkurat no jobbar prosjektgruppa med å skaffe innsikt i kva aktivitetar som særleg ser ut til å appellere til seniormenn. Ikkje minst sjå på måtar dette kan presenterast på.
– Målet er å presentere eit innhald som gjer det enkelt for kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar å ta i bruk ideane – og skape fleire meiningsfulle møteplassar for menn, avsluttar ho.
