Nye roller i Senteret for eit aldersvennleg Noreg

Postet: 25.09.25 (oppdatert 25.09.25)
Portrettbilder av Nina og Wenche
Nina Myklebust og Wenche Halsen får nye roller i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Wenche Halsen går over i ny rolle i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Seniorrådgivar Nina Myklebust trer inn som fungerande leiar.

Artikkelen er 94 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Etter snart fem år som leiar går Wenche Halsen over i ny stilling som spesialrådgivar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Fram til hausten 2026 blir Nina Myklebust fungerande leiar.

– Eg har hatt gleda av å vere leiar for senteret sidan start i februar 2021. Det har vore ein fantastisk fin jobb med eit viktig samfunnsoppdrag og dei absolutt beste medarbeidarane ein kan tenkje seg. Valet om å ta steget ut av leiarrolla er eit eige val og eg gler meg til å halde fram med å jobbe med dei store prosjekta vi har i senteret, seier Wenche.

– Wenche sit på verdifull erfaring og kompetanse, og vi er glade for at ho framleis ønskjer å jobbe i senteret som spesialrådgivar. For å sikre kontinuitet i senteret sitt arbeid, er vi samtidig glade for at Nina har takka ja til å fungere fram til ny leiar er på plass, seier Øyvind Giæver, avdelingsleiar i Helsedirektoratet.

Nina, som er utdanna siviløkonom med spesialisering i strategi og leiing, har vore tilsett i senteret i fire år. Ho har blant anna hatt ansvaret for utvikling og oppfølging av senteret si partnarskapsordning, noko ho også skal ha i det vidare.

 – Eg skal framleis jobbe tett med partnarane våre, men får no også andre spennande oppgåver i senteret. Vi er ein veldig engasjert gjeng som skal bidra til ei endå meir aldersvennleg samfunnsutvikling, så dette ser eg verkeleg fram til seier Nina.