Ny stortingsmelding: Bustader tilpassa ei aldrande befolkning

Postet: 18.03.24 (oppdatert 21.03.24)
Eit av tiltaka i Bustadmeldinga er å leggje til rette for at det blir bygd fleire aldersvennlege bustader. Foto: Vidar Nordli-Mathisen / Unsplash

I Bustadmeldinga som vart lagt fram i mars presenterer regjeringa fire innsatsområde med mål om at folk skal kunne bu i ein egna bustad i heile landet. Eit av tiltaka er å tilpasse bustadmassen til ei aldrande befolkning – med aldersvennlege bustader.

– Bustaden er ein av dei viktigaste rammene for liva våre og vi må sikre at alle har ein god og trygg stad å bu – både i by og bygd,  seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande i ei pressemelding.

Ein aldersvennleg bustadpolitikk

Meld. St. 13 (2023–2024) - Bustadmeldinga har fire innsatsområde:  

  1. Fleire skal få høve til å eige eigen bustad
  2. Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg
  3. Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng
  4. Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad

Under innsatsområde Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng, kjem tiltaka knytt til demografiendringane: 

"Ein aldersvenleg bustadpolitikk kan leggje til rette for at kvar enkelt gjer gode bustadval for alderdomen, og til at bustadmassen er tilpassa demografiske behov. Særleg i område der det blir bygd få nye bustader, og der det bur mange eldre, vil det ikkje alltid vere mogleg å flytte til ein nyare og meir aldersvenleg bustad. Da vil tilpassing av bustaden kunne vere viktig for at eldre kan bu lenger heime og vere meir sjølvhjelpte".

 

Eldrebustadprogrammet i Bu trygt heime-reforma

Inn under det same innsatsområde kjem også Eldrebustadprogrammet i Bu-trygt heime-reforma. Eldrebustadprogrammet skal bidra til at alle har tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvenleg bumiljø, og til at fleire eldre kan gjere tilpassingar i eigen bustad.

Husbanken har det overordna ansvaret for programmet som vil omfatte tiltak retta mot enkeltmenneske, byggjebransjen og kommunane.