LOP vil bidra til eit meir aldersvennleg Noreg
Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) blir samarbeidspartnar med Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Med ein landsdekkjande organisasjon, brei kompetanse og sterke lokallag ønskjer LOP å bidra til at fleire eldre får høve til å delta, bidra og leve gode liv, heile livet.
LOP ser samarbeidet som ei naturleg forlenging av arbeidet sitt for å styrkje moglegheitene for eldre i eit samfunn i endring.
– LOP er svært oppteken av å skape eit aldersvennleg samfunn der eldre kan vere ein ressurs. Vi håpar at samarbeidet med senteret gir oss høve til å styrkje felles saker, seier Rannveig Bærheim, leiar i LOP.
Som politisk uavhengig interesseorganisasjon jobbar LOP for gode levekår for offentlege pensjonistar, og er oppteken av korleis Noreg kan møte den demografiske utviklinga på ein måte som styrkjer moglegheitene for eldre.
Eit godt og sjølvstendig liv
Rannveig peikar på fleire område som må vere på plass for at eldre skal kunne leve gode og sjølvstendige liv. Trygg økonomi, moglegheita til å klare seg sjølv lengst mogleg og å bestemme over eige liv er sentrale element. Like viktig er moglegheita til å bidra etter evne – det LOP beskriv som «eldrekrafta».
I tillegg framhevar ho betydninga av gode sosiale møteplassar, tilgjengeleg kollektivtransport, kulturtilbod og trygge helse- og omsorgstenester.
Nærvær i lokalsamfunnet

LOP har lokallag over heile landet. Rannveig håpar dei kan spille ei viktig rolle i utviklinga av aldersvennlege nærmiljø.
– Lokallaga våre kan gjennom eldreråd bidra til å skape aldersvennlege lokalsamfunn, og våre ressurspersonar vil gjerne bidra gjennom kurs for kommande pensjonistar.
Ho understrekar at tidleg planlegging av alderdommen er viktig, og at LOP ønskjer å gi kommande pensjonistar kunnskap slik at dei kan ta gode og informerte val.
Sit på viktig innsikt
Lina Frantzen i Senteret for eit aldersvennleg Noreg trekkjer fram LOP sin breie erfaring og sterke medlemsbase som viktige grunnar til samarbeidet.
– LOP er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider målretta for at eldre skal oppleve deltaking, tryggleik og innverknad i samfunnet. Dei representerer ei stor gruppe seniorar med høg kompetanse og lang yrkeserfaring og bidreg med det til å synleggjere den viktige seniorressursen.
Lina meiner også at LOP sin struktur gir verdifull innsikt frå heile landet:
– Gjennom den landsdekkjande strukturen sin og sterke forankring i lokallag over heile landet, bidreg LOP med innsikt som styrkjer arbeidet vårt for eit meir aldersvennleg Noreg. Med LOP får vi ein tydeleg og erfaren aktør med på laget. Vi ser fram til samarbeidet, avsluttar Lina.

OM LANDSFORBUNDET FOR OFFENTLIGE PENSJONISTER
Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP) er ein politisk nøytral organisasjon for tidlegare offentleg tilsette. Organisasjonen har rundt 9000 medlemmer, og har har 20 lokallag som tilbyr sosiale, kulturelle og faglege aktivitetar.
LOP deltek som høyringsinstans og dessutan i drøftingar om trygdeoppgjer og statsbudsjett.
