Karen skal jobbe med digital inkludering av eldre

Karen Sundgot Gurskevik er ny seniorrådgjevar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Ho skal ha ansvaret for arbeid og prosjekt knytt til digital inkludering av eldre.
– Digital inkludering er ei stor og viktig oppgåve i arbeidet vårt, og det er ein del av løysinga når vi blir stadig fleire eldre som skal bu trygt heime. Det motsette vil vere ei stor utfordring og bety at vi får eit A-lag og eit B-lag. Det er eit demokratisk problem, seier Wenche Halsen, leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
– Karen har ei fagleg tyngde og erfaring som vil vere verdifull. Ho ser utfordringane og har eit genuint ønske om å bidra til at eldre skal kunna ta del i den digitale kvardagen. Vi er veldig glade for at ho har takka ja til å leie innsatsen til senteret på dette området, og bidra til eit meir aldersvennleg Noreg.
Eldre i sentrum
Karen har ein master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo, og har jobba både i det private næringslivet og i offentleg sektor. Ho har mellom anna vore ombod og fagansvarleg personvernrådgivar i ei interkommunal personvernombodsteneste, der ho jobba med ulike problemstillingar med grensesnitt til digital inkludering.
– Dette har gitt meg erfaring og innsikt som eg meiner vil kome godt med i dette prosjektet. Eg håper eg kan bidra til å senke terskelen for at dei eldre skal kunne ta del i den digitale kvardagen og den digitale utviklinga gjennom synlege og konkrete tiltak.
Ho meiner mellom anna at det må bli lettare å orientere seg i det digitale landskapet og det må verte enklare å bruke ulike digitale verktøy slik at eldre kan få betre tilgang til digitale tenester.
– Dei eldre må være ein premissleverandør i dette arbeidet, understrekar ho.
Krev samarbeid på tvers for å lukkast
Digital inkludering er eit sektorovergripande ansvar. Aktørar på tvers av sektorar må vere samde i at digitalt utanforskap både er ei samfunnsutfordring, og at denne utfordringa vil krevje felles innsats og felles tiltak dersom ein skal lukkast med å redusere digital sårbarheit.
– Eg trur mange aktørar ser utfordringane eit digitalt utanforskap kan føre med seg både for enkeltindividet og for samfunnet som heilskap. Det er behov for å sjå det store bildet og digital inkludering som heilheit.
– Midlane som senteret har fått til å jobbe for auka digital inkludering, gir gode moglegheiter til å sette i verk og gjennomført konkrete tiltak. Men vi er avhengig av å gjere dette i samråd med andre offentlege og private verksemder, og frivilligheita, avsluttar ho.