Innovasjons- og samskapingsutvalet møtte Rådet for eit aldersvennleg Noreg: – Tid for handling

Leiaren for Innovasjons- og samskapingsutvalet Kjell Erik Ullman Øie orienterte på Rådet for eit aldersvennleg Noreg sitt junimøte om status i arbeidet til utvalet. Det er samanfallande interesser i utvalet og oppdraget til rådet. Begge jobbar for å bidra til å finne gode løysingar for et samfunn med fleire eldre og færre yngre.
– Vi står overfor store samfunnsutfordringar som krev nye måtar å jobbe på. Innovasjon og samskaping er ikkje lenger valfrie strategiar – dei er nødvendige, sa utvalsleiar Kjell Erik Øie då han presenterte status for deira arbeid for Rådet for eit aldersvennleg Noreg.
Stort engasjement og mange gode initiativ
Innovasjons- og samskapingsutvalet, som vart utnemnt av Helse- og omsorgsdepartementet i 2023, skal ta utgangspunkt i Bu trygt heime reforma og utgreie nye moglegheiter og modellar for samskaping om velferd mellom kommunar, dei som leverer tenester, innbyggjarar, sivilsamfunn, ideelle aktørar og næringslivet.
I møtet med rådet orienterte Øie om ulike aktivitetar som er gjennomførte for å kartleggje utfordringar og moglegheiter.
– Vi ser eit stort engasjement og mange gode initiativ rundt om i landet. No handlar det om å samle kunnskapen og finne ut korleis vi kan skalere det som verkar. Vi må komme forbi utgreiingsstadiet, og begynne å handle, sa Øie.
Hovudutfordringar og moglege løysingar
Rådet for eit aldersvennleg Noreg understreka viktigheita av å involvere eldre i utviklinga av tenestene som gjeld dei.
– Eit aldersvennleg samfunn handlar om å sjå eldre som ein ressurs, ikkje ei byrde. For å lykkast må vi samarbeide på tvers av sektorar og nivå, og vi må lytte til dei det gjeld. Eit meir aldersvennleg samfunn er ein del av løysinga, sa Berit Brørby, leiar av Rådet for eit aldersvennleg Noreg.
Rådsmedlemmene løfta også pårøranderolla, arbeidslivet, bustad og frivilligheita som tema i møtet. Det vart også peika på behovet for betre insentivordningar og meir fleksible finansieringsmodellar som moglege tiltak.
Innspel til utvalet
Utvalet tar i mot innspel frå alle som har det fortløpande, fram til 26. juni. Etter sommaren skal dei leggje ein strategi for tiltaksperioden.
– Vi kan ikkje forvente at alle andre skal endre seg. Eller trekke opp skiljelinjene først. Vi må sjå på korleis vi kan løyse dette saman. Samskaping er lik mobilisering, oppsummerte Øie.