Har kommunen din ein inkluderande møteplass innandørs? Vi vil høyre frå dykk!

Postet: 05.06.25 (oppdatert 05.06.25)
Tre damer som står i en ring og gjør teaterbevegelser
Eit aldersvennleg Noreg skal ha møteplassar som fremjar aktivitet og fellesskap.

No jaktar vi på gode døme på innandørs møteplassar som er tilgjengelege og tilrettelagde for alle aldrar. Men gjerne med eit fokus på ei aldrande befolkning. Kanskje er det nettopp din kommune som kan inspirere andre?

Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Universell utformingsnettverket i KS ønskjer å løfte fram kommunar som har etablert gode, innandørs møteplassar. Dette er ein del av arbeidet med Bo trygt heime-reforma og innsatsområdet Levande lokalsamfunn.

Målet er å dele kunnskap, inspirere og la kommunane lære av kvarandre i arbeidet med universell utforming og aldersvennleg utvikling.

– Har de allereie gjort noko som bidreg til at eldre og andre med behov for tilpassingar kan delta i aktivitetar innandørs? Då vil vi gjerne høyre frå dykk, seier Anne Berit Rafoss i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Frå parkar til kulturhus

Tidlegare har dei to nettverka samarbeidd om å løfte fram aldersvennlege og universelt utforma møteplassar utandørs. No tek dei steget inn – og vil vise fram stader som er tilgjengelege, inkluderande og tilrettelagde for alle aldersgrupper.

Dei døma som blir valde ut, vil bli presenterte i ei eiga rekkje med webinar til hausten. Her får kommunane høve til å dele erfaringar og vise korleis dei har jobba.

– Eit aldersvennleg Noreg skal ha møteplassar som fremjar aktivitet og fellesskap på tvers av generasjonar. Forsking understrekar kor viktig dette er for både fysisk og psykisk helse. Vi vil løfte fram gode døme og inspirere til fleire, seier Anne Berit.

Kva ser vi etter?

Vi er først og fremst på jakt etter møteplassar som er tilgjengeleg for flest mogleg og gjerne på tvers av generasjonar. Deretter må dei også gjerne seie noko om informasjon og kommunikasjon om tilbodet, og transport til møteplassen.

Vi ønskjer både å vise fram møteplassar som allereie fungerer godt, og å rettleie kommunar som er i gang med å utvikle nye møteplassar.

Har de eit godt døme?

Ta kontakt med Anne Berit Rafoss i Senteret for eit aldersvennleg Noreg for å få tilsendt mal for beskriving av møteplassen dykkar.

Frist for å sende inn gode døme er 1. september 2025.

Vi tek kontakt med alle som sender inn forslag og drøftar vegen vidare.

Anne Berit Rafoss

Prosjektleder

Telefon: +47 924 67 192

Kva er ein sosial møteplass?

Sosiale møteplassar kan vere så mangt, og vi er opne for det meste. Det kan vere:

  • Bibliotek
  • Seniorsenter
  • Frivilligsentral
  • Innbyggjartorg
  • Kulturhus
  • Fylkeshus
  • Nærbutikk/kjøpesenter
  • Skuleareal
  • Fleirkulturelle møteplassar
  • Fellesområde i ulike butilbod som er opne for andre enn bebuarar