Det samiske perspektivet skal styrkjast i arbeidet med eit aldersvennleg Noreg

Postet: 19.03.24 (oppdatert 21.03.24)
En illustrasjon med det samiske flagget og en eldre dame og et barn med kofte
Faksimile: Omslagsillustrasjon laget av Melkeveien

​​​​​​​18. mars la regjeringa fram ei ny stortingsmelding om Samisk språk, kultur og samfunnsliv. I meldinga går det fram at regjeringa ønskjer å styrke det samiske innslaget i arbeidet med aldersvennleg utvikling.

Artikkelen er 127 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Meldinga byggjer på folkehelsemeldinga som regjeringa la fram våren 2023, kor utjamning av sosiale helseforskjellar er eit gjennomgåande tema og overordna målsetjing.

– Det er det som skjer nært der vi lever liva våre som er med å påverke kor god helse og livskvalitet vi får. Det samiske perspektivet har ikkje vorte løfta fram nok i det arbeidet, og det prøver vi å gjera noko med, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under framlegginga.

Aldersvennleg samfunnsutvikling

Også samiske samfunn blir påverka av dei demografiske endringane, og i meldinga vert det løfta fram at det samiske perspektivet skal styrkjast i arbeidet med eit aldersvennleg Noreg. 

– Det er viktig å leggje betre til rette for ein god og aktiv alderdom for eldre med samisk bakgrunn, understreka Kjerkol under framlegginga. 

– Saman må vi både forstå utfordringane som den samiske befolkninga opplever, og vere klar over ressursane og moglegheitene i den samiske befolkninga som er ein del av løysingane. Det legg denne stortingsmeldinga til rette for.

Her kan du lesa heile meldinga, Meld.St. 12 (2023─2024).