Beredskap og aldersvennleg utvikling på dagsordenen for eldreråda

Postet: 09.12.25 (oppdatert 09.12.25)
En konferansesal full av deltakere
150 eldrerådsmedlemmer var samla til konferanse på Gardermoen 1. og 2. desember.

150 eldrerådsmedlemmer frå heile landet var tidlegare i desember samla til konferanse på Gardermoen. To dagar med stort engasjement, både frå scena og deltakarane i salen. Tema var aldersvennleg utvikling og beredskap.

Aldersvennleg samfunnsutvikling og beredskap heng tett saman: det handlar om å skape trygge, inkluderande og robuste lokalsamfunn.

– Når eldre deltek aktivt i lokalsamfunnet, blir styrkt dei nettverka som er viktige for beredskap. Eit sterkt sivilsamfunn med frivilligheit og lokal kunnskap er ein viktig ressurs i kriser, sa Nina Myklebust, fung. leiar i senteret då ho ønskte eldrerådsmedlemmene velkommen til konferanse.

Små tiltak kan gi stor effekt

På konferansens første dag fekk deltakarane høyre om korleis kommunar kan leggje til rette for aktive liv gjennom universell utforming, gode møteplassar og transportløysingar. Fleire døme frå heile landet viste korleis små grep kan gi stor effekt. 

"Kullingane" frå Sola er eit viktig tiltak for å nå innbyggjarar som er i overgangen til ein ny fase i livet. Tryggleiksvandring og aldersvennleg transport var andre døme som har stor verknad for å gi betre og tryggare lokalmiljø. Korleis private aktørar kan bidra med meir aldersvennlig bustadbygging vart også presentert.

Eldreråda har ei viktig oppgåve med å løfte aldersvennlege tiltak inn mot kommunen. Den ferske undersøkinga frå Norgesbarometeret om rolla til eldreråda vart også presentert. Den viser at samarbeidet mellom eldreråd og kommune er jamt over bra, men at det framleis er område å ta tak i.

Beredskap handlar om meir enn logistikk

Kven har ansvaret for kva i ei krise? Dag to vart linjene trekte frå beredskap på nasjonalt nivå, via kommunane og heilt ned til kva kvar enkelt må ta ansvar for sjølv. Dei ulike innleiarane belyste korleis kommunar kan inkludere eldre i beredskapsplanar og sikre at informasjon og hjelp når frami krisesituasjonar.

– Eldre er ein ressurs, ikkje berre ei gruppe som treng hjelp. Ved å involvere dei i beredskapsarbeidet styrkjer vi både tryggleiken og fellesskapen, sa Olav Sæbø, rådgivar i Senteret or eit aldersvennleg Noreg med ansvar for eldrerådsopplæringa.

Levd liv betyr ein unik kompetanse

– Eldre har ein kompetanse som er unik – nemleg levde liv og har erfart kriser som dei har løyst. Eldre og frivillige er ein ressurs for lokalsamfunna i ei krise, sa Berit Brørby, leiar i Rådet for eit aldersvennleg Noreg.

– Vi eldre er ein heilt eiga kraft. Vi har erfaring, kunnskap og tid, avslutta ho.