Arbeidsministeren på besøk hos Rådet for eit aldersvennleg Noreg
Aldersgrenser og haldningsendringar til seniorar i arbeidslivet vart diskuterte då Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng var på besøk i Rådet for eit aldersvennleg Noreg saman med statssekretær Line Eldring.
Eit av temaa Rådet for eit aldersvennleg Noreg engasjerer seg i er betydninga av at fleire av oss jobbar lenger.
Frå 1. januar blir øvre aldersgrense for å arbeide i offentleg sektor heva til 72 år. Det vil seie at då har alle rett til å jobbe til dei er 72 år både i privat og i offentleg sektor. Det som derimot ikkje har endra seg nemneverdig er tidspunktet vi sluttar å jobbe. Gjennomsnittleg avgangsalder ligg framleis i underkant av 66 år.
Bevare kompetansen
– Seniorpolitikk er ein viktig del av den arbeidspolitiske satsinga til regjeringa, sa statsråden.
Saman med statssekretæren understreka ho betydninga av å få folk til å stå lenger i jobb. Målet er å auke sysselsetjinga i Noreg frå 80 til 82 prosent, og at snittalderen for når ein trer ut av arbeidslivet skal opp.
– Fleire skal i jobb, og fleire skal stå lenger i jobb. Arbeidsplassane må ha fokus på at fleire ønskjer å jobbe lenger, og partane i arbeidslivet må jobbe for tiltak som gjer at fleire held fram lenger.
Ho viste til at det er under 50 prosent av arbeidsgivarane som har ein plan for å behalde seniorane sine.
– Eldre er ein ressurs og haldningar og kultur knytt til eldre arbeidstakarar er viktig, understreka statsråden, og la til at talet på trygd må ned.
– Det er inga motsetning mellom å få inn nye, og behalde seniorane. Det er viktig å bevare kompetansen.
Fjerne hinder
Leier i Rådet for eit aldersvennleg Noreg, Berit Brørby, var oppteken av å belyse hindringane som gjer at mange ikkje ønskjer å halde fram.
– Når den øvre aldersgrensa i arbeidslivet blir heva, må også andre grenser hevast. At du til dømes ikkje får sjukepengar når du jobbar og er over 70 år, er eit slik hinder.
Brørby er oppteken av kva regjeringa kan gjere for å fjerne hindringar som gjer at vi sluttar å jobbe før tida. Og at personar som har passert 60 år ikkje automatisk skal hamne bakarst i køa når ein søkjer ny jobb.
Reiselivsbransjen manglar folk
Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO reiseliv, var og invitert til møtet for å fortelje om kampanjen deira "Ei erfaring rikare". Målet for kampanjen er å rekruttere og behalde erfarne medarbeidarar.
– Ungdomskampanjar kan ikkje løyse mangelen på folk, understreka Krohn Devold.
Seniorane er ei stabil arbeidsgruppe med høg moral. Dei må kjenne seg ønskt. Krohn Devold peika mellom anna på betydninga av å verdsetje realkompetanse, ikkje berre formell kompetanse. Og betydninga av å faktisk stille spørsmålet "Kva må til for at du skal bli med oss to år til? Ofte er dette nok.
