1400 eldrerådsmedlemmer på nytt kurs: – Eit stort løft

Postet: 11.06.24 (oppdatert 11.06.24)
Flere mennesker sitter rundt bord og ser på en presentasjon fra scenen.
Senteret for eit aldersvennleg Noreg har på oppdrag frå Regjeringa arrangert Eldrerådskurset våren 2024, og det med stor suksess. I evalueringa svarar heile 98 prosent at dei vil tilrå kurset til andre eldreråd.

Denne våren har det nye Eldrerådskurset gått sin sigersgang frå Kristiansand i sør til Alta i nord. 1400 eldrerådsmedlemmer frå meir enn 300 kommunar og fylkeskommunar har delteke på kurset, og no vil Wenche Halsen i Senteret for eit aldersvennleg Noreg styrkja opplæringa ytterlegare.

Kurset har bestått av ein digital og ein fysisk del. Deltakarane har lært om korleis dei kan vere eit talerøyr for eldrebefolkninga i kommunen sin, aldersvennleg utvikling og korleis politiske prosessar fungerer. Eldreråda blir valde for fire år om gongen, etter kommune og fylkestingsvalet, og mange medlemmer er heilt nye i rolla.

– Responsen på kurset har vore overveldande, og det er tydeleg at det har vore eit stort behov for opplæring i eldrerådsarbeid. Det finst så mange engasjerte seniorar i Noreg som ønskjer å forme lokalmiljøet sitt, og vi er glade for å kunne gi dei verktøy og gode råd for det vidare arbeidet, seier Wenche Halsen, leiar av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Gir avgjerande innspel

Ordførarar, varaordførarar og andre politikarar har halde innlegg på kursa, og dei understrekar at eldreråda er viktige for å utvikle gode lokalsamfunn. Om berre seks år vil det vere fleire over 65 år enn under 20 år i Noreg.

Ofstad står ute og smiler til kamera
Julianne Ofstad, varaordfører i Oslo.

– For at Oslo og andre kommunar skal vere aldersvennlege, treng me råd frå dei som veit kvar skoen trykker mest. Eldreråda gir oss politikarar heilt avgjerande innspel, og det er både bra og viktig at de er på Eldrerådskurset for å gjere ein god jobb i åra som kjem, seier Julianne Ofstad, varaordførar i Oslo, som opna eit av dei 19 kursa.

Deltakarane på kursa opplever at dei har mykje å lære av kvarandre, og at mange kommunar har dei same utfordringane. Då kan eldrerådsmedlemmene også lære av kvarandre og finne felles løysingar.

Eldreråd er i vinden

Kurset har fått mykje merksemd i lokalmedia, og dette har bidrege til å gjere eldreråda meir synlege for den eldre befolkninga lokalt. Ein av deltakarane på kurset i Tromsø var Anne Valle Tangen. Ho er ny leiar av eldrerådet i Målselv kommune i Troms, og kom til kurset saman med eldrerådet sitt.

– Som heilt ny leiar av eldrerådet syg eg til meg alt eg kan lære, og det er fantastisk å vere på kurs. I Målselv har vi verdas mest engasjerte eldreråd, og vi glør for oppgåva heile gjengen. Vi har laga ein utruleg bra handlingsplan med ulike tema vi skal jobbe med framover, med alt frå kosthald til sosiale møtepunkt for dei eldre, seier Valle Tangen.

Ønske om meir opplæring

Senteret for eit aldersvennleg Noreg har på oppdrag frå Regjeringa arrangert kurset, og det  var finansiert over statsbudsjettet. I etterkant av kurset er det sendt ut eit evalueringsskjema, og heile 98% ville tilrå kurset til andre eldreråd. No ønskjer Wenche Halsen at opplæringa blir vidareført og utvida med aktuelle tema og problemstillingar.

Wenche Halsen står på en talerstol
Wenche Halsen, leder i Senteret for et aldersvennlig Norge.

– Det er ingen tvil om at dette har gitt eit stort løft for eldrerådsarbeidet, og vi har høyrt frå lokalpolitikarar at dei merkar at eldrerådet har vore på kurs. Det er ei stor anerkjenning. No jobbar vi med å setje saman nokre verktøy og inspirasjon til alle eldreråda i landet , i tillegg til at vi ser på moglegheita for å arrangere eiga opplæring for eldrerådsleiarar, seier Halsen.