− Utan dei frivillige seniorane hadde det ikkje gått

Postet: 05.12.23 (oppdatert 09.01.24)
Marit Berg er en av flere pensjonister som jobber som frivillig i Råde IL. - Det gir meg mye, sier hun.

I Viken har Råde IL klart det mange slit med: å rekruttere pensjonistar – og behalde dei. 

Artikkelen er 115 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Det starta med ein frukostklubb for nokre år sidan. No er 30-35 pensjonistar meir eller mindre i sving for idrettslaget i Råde kvar månad. Korleis har dei klart det?

− Mange seier at me er heldige som har dei. Og det er me. Utan dei frivillige seniorane kunne ikkje Råde IL drive slik som me gjer med det anlegget me har. Eller det ambisjonsnivået me ønskjer å liggja på, fortel styreleiar for fotball, Knut Erik Berg.

Spør om dei vil bidra

Pensjonistane i Råde IL bidreg med små og store oppgåver. Alt frå prepping av kunstgras til måling og matservering på ulike arrangement. Fleire har vore med i klubben frå barndommen av, men det er ikkje dermed sagt at dei automatisk blir med som frivillige.

Knut Erik meiner at rekruttering av frivillige seniorar handlar om å involvere dei det gjeld og spørje om dei vil bidra med ein liten ting.

− Spør du om veldig mange store ting, så blir det fort for mykje. Eg har trua på å starta med veslefingeren, så kan dei bidra med fleire fingrar etter kvart.

− Erfaringa vår er ofte at dei spør om det er noko meir dei kan bidra med, smiler han.

Ei trygg hamn

For å behalde det frivillige engasjementet til seniorane, meiner Knut Erik det heilt enkelt handlar om å ta vare på dei. Det kan vera å ha kaffi på kanna eller servere lunsj når det blir jobba på dugnad. Samtidig blir dei inviterte til eit eige julebord, eller ein sommarfest.

− Dette er vinn-vinn. Me gir dei ein stad å gå til. Ei trygg hamn, utan at me på nokon måte skal utnytta det. Men dei trivst veldig godt med å vere her.

− Det sit alltid ein fem–seks stykke her kvar morgon som tek seg ein kaffi og drodlar litt om verda, smiler Knut Erik. 

Frivilligheita sin dag

5. desember er FNs internasjonale dag for frivillig arbeid. Sett gjennom dei aldersvennlege brillene, så handlar det om at me må leggje til rette slik at dei som vil, kan få bidra med kunnskapen og erfaringa si. 

− Det krev likevel at me tenkjer nytt – saman, om korleis me rekrutterer, legg til rette og organiserer seniorressursen i frivilligheita, understrekar Wenche Halsen, leier i Senteret for eit aldersvennleg Noreg.

Ho meiner Råde IL er eit godt eksempel, og håpar fleire lèt seg inspirere.

− Dei viser at det ikkje skal så mykje til – verken for å rekruttere eller behalde seniorane. Gjer som dei i Råde. Spør om det er noko dei som pensjonistar kunne tenkje seg å bidra med – og vis at de set pris på innsatsen.

− Og som Knut understrekar, vêr fleksible når det gjeld oppgåver og mengd. 

Les meir om kva seniorane opplever som dei største barrierane for å bli frivillige

Frivilligheita i eit aldersvennleg samfunn

Frivilligheita har ein sentral plass i arbeidet med aldersvennleg, og Senteret jobbar breitt for å synleggjera verdien frivilligheita har for seniorane som bidragsytarar og mottakarar – og for samfunnet samla sett.

Under kan du lese om nokon av aktivitetane våre knytt til frivilligheit:

 

Generasjonslekene 

Eldre mann smiler til kamera mens han holder en paraply og har en medalje rund halsen.
Foto: Thomas Haugen Koonce / Senteret for et aldersvennlig Norge

I samarbeid mellom kommunen, lokalt næringsliv og frivilligheita har over 40 byar og tettstader arrangert Generasjonslekene i 2022 og 2023 – eit arrangement som legg til rette for at fleire generasjonar kjem saman gjennom fysisk aktivitet, leik og moro. Saman med Noregs Frivilligsentraler inviterer Senteret for et aldersvennlig til ein ny runde med Generasjonslekene i 2024.

Kommunar og frivilligsentralar blir oppmoda til å melde seg på – vi vil hjelpe til med informasjonsmateriale, tips og råd til organisering. Formatet er fleksibelt og gir rom for improvisasjon og lokal finjustering.

Les meir og meld dykk på her

Seniorar i det frivillige

Bilde av en brosjyre

Gjennom kampanjane planleggelitt.no og kampanjen La deg engasjere har vi løfta verdien av å vera frivillig – og også synleggjort ulike måtar og aktivitetar ein kan la seg engasjera i. Begge kampanjane rettar seg til befolkninga over 55 år.

La deg engasjere
Planleggelitt.no
 

Rettleier for fleire engasjerte seniorar i lokalsamfunnet

Saman med Halogen og 12 av kommunane i landet har vi utarbeidd ein rettleiar som skal hjelpe kommunane til å med å tenkje nytt rundt korleis dei kan legge til rette for, og vere ein innovatør av frivilligheita i framtida.

Rettleiaren inneheld konkrete metodar, døme, guidar og malar som kan brukast for å engasjera fleire seniorar til frivillig innsats i lokalmiljøet.

Gå til den digitale rettleiaren