Gå til forsidenGå til forsiden

Helsepolitisk barometer 2026

I Helsepolitisk barometer 2026 har vi stilt befolkninga fleire spørsmål for å belyse haldningane vi har til det å bli eldre. Og kva vi planlegg for, for å få det slik vi ønskjer som pensjonist. Under finn du resultata.

Publisert: 8. mai 2026 kl. 08:43

|

Oppdatert: 18. mai 2026 kl. 08:51

Hovedfunn

Ansvar for eigen alderdom

85 % meiner at kvar enkelt sjølv må ta større ansvar for eiga helse, sosialt liv og eigen bustadsituasjon for å sikre seg ein god alderdom.

Planlegging av eigen alderdom

  • 84 % i aldersgruppa 45-59 år har lagt planar eller gjort seg opp tankar om korleis dei skal få det slik dei ønskjer som pensjonist.

  • 11 % av dei over 75 år har ikkje gjort seg nokon tankar eller planlagt for eigen alderdom.

  • Dei fleste (52 %) har lagt planar for korleis dei skal sikre seg ein trygg økonomi som pensjonist. 

  • Mange av oss, 43 %, har tenkt på korleis vi skal halde oss fysisk aktive. Dette går likevel litt tilbake frå fjoråret då talet var 45 %.

  • Berre 28 % har planlagt eller gjort seg tankar om korleis dei skal halde seg sosialt aktive som pensjonistar.

Kva er viktig for oss når vi blir pensjonist?

  • Familie og venner (58 %), moglegheit for fysisk aktivitet (49 %), og kunne bu heime lengst mogleg (40 %) er det flest meiner vil vere viktig når dei blir pensjonist.

  • Verdien av å kunne bu heime lengst mogleg aukar med alderen. Samtidig er dette noko av det som fell mest blant det vi meiner er viktig. I 2025 svarte 75 % av 75 år+ at det var viktig, i år er det 66 % som svarer det same. 

Kven skal betale?

  • På spørsmål om kva tenester ein er villig til å betale for slik at ein kan bu heime lengst mogleg, er det reingjering som toppar lista med 55 %, etterfølgd av snømoking/plenklipping (44 %) og hjelp til innkjøp og levering (38 %).

  • På spørsmål om kva ein meiner det offentlege bør betale, peikar dei fleste på reingjering  (42 %), deretter hjelp til innkjøp og levering (31 %) og praktisk hjelp i heimen (26 %).

  • Aldersgruppa 75+ ventar generelt støtte frå det offentlege.

Helsepolitisk barometer 2026