Gå til forsidenGå til forsiden

Pilot for digital inkludering av eldre

Saman med kommunane Ulstein, Fjord, Ørsta og Volda testar vi nye tiltak for å styrkje digital deltaking blant eldre. Målet er å gjere det enklare å bruke digitale verktøy og tenester i kvardagen, og samtidig skape møteplassar som fremjar læring, meistring og sosial deltaking.

To voksne damer sitter i et klasserom med hver sin pc og smiler og ler

Pilotprosjektet går frå august 2026 til februar 2027 og omfattar tre tilbod:

  • Digitale Saman – eit sosialt lågterskeltilbod der eldre kan få hjelp og rettleiing i bruk av mobil, nettbrett og digitale tenester på lokale møteplassar.
  • Digital Opplæring Heime – individuell rettleiing i eigen heim for dei som ønskjer eller treng personleg oppfølging.
  • Bli digital – lån eit nettbrett – moglegheit til å låne nettbrett frå kommunen for å øve og bli tryggare på å bruke digital teknologi.

Digital kompetanse blir stadig viktigare for å kunne delta i samfunnet. Samstundes viser undersøkingar at mange eldre opplever digitale tenester som vanskelege eller uoversiktlege. Prosjektet skal gi kunnskap om kva tiltak som best kan bidra til å redusere digitalt utanforskap og auke tryggleik, meistring og deltaking blant eldre.

Les også: Testar nasjonal satsing for å fleire eldre digitale

Vil du teste ut eit av tilboda?

Eldre som bur i ein pilotkommune og som ønskjer å delta, kan ta kontakt med kommunen for å få informasjon om dei lokale tilboda.

 

Ulstein kommune:

Telefonnummer 70 01 75 00 – kvardagar mellom 10 og 12 (kommunen sitt sentralbord)

E-post: innbyggartorg@ulstein.kommune.no

 

Fjord kommune: 

Kommer

 

Ørsta kommune:

Telefonnummer: 902 10 368

E-post: linda.tomasgard@volda.kommune.no

 

Volda kommune:

Telefonnummer: 902 10 368

E-post: linda.tomasgard@volda.kommune.no

Spørsmål om piloten?

Ta kontakt med prosjektleder

Karen Vanessa Cheves Sundgot Gurskevik