Gå til forsidenGå til forsiden

Senteret for eit aldersvennleg Noreg har fått ny leiar

Nina Myklebust er tilsett som ny leiar i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Med det får vi ein engasjert, framoverlent og kunnskapsrik leiar, med brei erfaring frå både privat, offentleg og frivillig sektor.

Publisert: 19. juni 2026 kl. 03:57

|

Oppdatert: 19. juni 2026 kl. 04:05

Nina sitter på en puff og lener albuene på knærne. Bak henne står det en plante og henger et bilde på veggen.

Myklebust var ein av 32 søkjarar til leiarstillinga som er plassert i Ålesund.

– Det var mange gode søkjarar til stillinga, og vi gjennomførte ein grundig prosess. Konklusjonen var at dagens fungerande leiar var best kvalifisert. Eg gler meg til å føre vidare det gode samarbeidet med Nina, seier avdelingsdirektør i Avd. for levekår i Helsedirektoratet, Øyvind Giæver.

– Det er eit privilegium å få arbeide med eit så viktig samfunnsoppdrag som favnar utvikling, innovasjon, folkehelse, forebygging og samskaping både nasjonalt og internasjonalt, seier Nina. 

Aldersvennleg som mål og metode

Nina, som er utdanna siviløkonom med spesialisering i strategi og leiing, har vore tilsett i senteret i nærmare fem år. Ho har blant anna hatt ansvaret for utvikling og oppfølging av partnarskapsordnina i senteret. Sidan oktober 2025 har ho vore fungerande leiar.

– Demografiendringane er ein av vår tids største samfunnsutfordringar. Aldersvennleg – både som mål og metode, er ei viktig løysing for å møte dette på ein berekraftig måte, seier Nina.

– Eg har vore så heldig å få jobbe med dette oppdraget og den dyktige gjengen i senteret i ei god stund allereie. Eg gler meg til det vidare arbeidet med å gjere Noreg endå meir aldersvennleg.