Gå til forsiden

Ny kunnskapsoversikt: Universell utforming styrkjer deltaking og sjølvstende

Universell utforming er ein viktig byggjestein i eit aldersvennleg samfunn. Ei ny kunnskapsoversikt frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at godt tilrettelagde omgjevnader kan styrkje sjølvstende, deltaking og meistring i kvardagslivet.

Publisert: 20. november 2026 kl. 09:59

Fire personer i ulik alder går på en asfaltert vei gjennom en park
Kunnskapsoppsummeringa frå Bufdir og FHI viser at det er forska meir på konsekvensane av manglande universell utforming enn på gevinstane. Foto: Clay / Unsplash

Når vi utviklar aldersvennlege lokalsamfunn, handlar det om å skape omgjevnader som gjer det mogleg for folk å vere aktive og sjølvstendige gjennom heile livet. Universell utforming er ein viktig del av dette arbeidet. No har FHI på vegne av Bufdir, samla forsking frå Norden for å få meir kunnskap om kva universell utforming betyr for ulike grupper i befolkninga.

Betydning for deltaking i kvardagslivet

Kunnskapsoversikta viser at godt tilrettelagde omgjevnader kan gjere det enklare å delta i arbeid, utdanning, fritidsaktivitetar og sosiale fellesskap. Mange av studiane peikar også på at universelt utforma løysingar ikkje berre kjem personar med funksjonsnedsetjingar til gode, men skaper betre brukaropplevingar for alle.

Fleire av studiane viser også at universell utforming kan bidra til større sjølvstende og mindre behov for individuell tilrettelegging. Det kan gjere kvardagen enklare både for den enkelte og for pårørande.

Barrierar kan føre til utanforskap

Eit viktig funn i oppsummeringa er at forskinga i større grad undersøker konsekvensane av manglande universell utforming enn effektane av universell utforming.

Barrierane handlar mellom anna om fysiske forhold som trapper, manglande ramper og ujamne gangvegar, men også om kompliserte digitale løysingar, støy, mangelfull informasjon og organisatoriske forhold.

Konsekvensane kan vere store. Nokre opplever at dei ikkje får delta i aktivitetar eller bruke tenester dei har behov for. Andre kan gjennomføre aktivitetane, men berre ved å bruke meir tid, energi og planlegging, eller ved å vere avhengige av hjelp frå andre. Slike hindringar kan føre til redusert sosial deltaking, lågare livskvalitet og ei kjensle av å stå utanfor fellesskapet.

Relevant for aldersvennleg samfunnsutvikling

Kunnskapsoversikta gir nyttig innsikt for kommunar, planleggjarar, offentlege verksemder og andre som arbeider med å utvikle inkluderande og aldersvennlege samfunn.

Når talet på eldre aukar, blir det stadig viktigare å planleggje bustader, uteområde, transportløysingar, informasjon og tenester som fungerer for menneske med ulike føresetnader og behov.

Kunnskapsoversikta understrekar at universell utforming ikkje berre handlar om tilgjenge. Det handlar også om å leggje til rette for deltaking, meistring og inkludering. Dette er sentrale mål i arbeidet med å skape lokalsamfunn der fleire kan leve gode og aktive liv lenger.

Eksempelsamling med aldersvennlege og universelt utforma møteplassar og uteområde

Senteret for eit aldersvennleg Noreg og KS har samarbeidd om å setje fokus på universelt utforma og aldersvennlege uteområde og møteplassar. I eksempelsamlinga "Aktiv og sosial heile livet" finn du fleire gode døme frå norske kommuar, nyttige tips og råd.