Menneske over heile verda lever lenger enn tidlegare generasjonar. Årets tema for FNs internasjonale dag for eldre løftar fram behovet for å tenkje nytt om korleis vi organiserer samfunnet, slik at lengre liv også blir gode liv med deltaking, tryggleik og livskvalitet; «The Age of Longevity: Rethinking Systems for Longer Lives».
Dette handlar om korleis vi planlegg bustader og transport, legg til rette for deltaking i arbeidslivet og skaper gode møteplassar og inkluderande lokalsamfunn.
Noreg er i gang
Også i Noreg blir vi fleire eldre, og fleire lever lange og aktive liv.Statistisk sentralbyrå anslår at det i 2032 vil vere fleire personar over 65 år enn barn og unge under 20 år. I 2050 vil om lag éin av fem nordmenn vere 70 år eller eldre.
Desse endringane påverkar alt frå bustader og lokalsamfunn til helse- og omsorgstenester. Gjennom Bu trygt heime-reforma blir aldring løfta fram som eit samfunnsansvar. Reforma skal bidra til at fleire kan bu trygt heime og leve sjølvstendige liv så lenge som mogleg gjennom betre planlegging, meir førebygging og eit sterkare samarbeid på tvers av sektorar.
Mange stader i landet blir det arbeidd med aldersvennlege nærmiljø, betre bustadløysingar, møteplassar og tiltak som styrkjer deltaking og motverkar einsemd. Slik blir mykje av det som ligg i årets FN-tema, sett ut i praksis.
Her finn du eksempler på aldersvennlege tiltak og prosjekt frå norske kommunar og aktørar.
Aldersvennleg utvikling handlar om heile samfunnet
Vi i senteret har eit særleg ansvar for innsatsområdet levande lokalsamfunn i Bu trygt heime-reforma gjennom Program for eit aldersvennleg Noreg 2030. Vi arbeider for at kommunar, organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar saman skal skape samfunn som fungerer godt for fleire.
Aldersvennlege lokalsamfunn handlar om å skape gode møteplassar, styrkje deltaking og medverknad og leggje til rette for aktivitet og fellesskap på tvers av generasjonar. Når vi planlegg og utviklar lokalsamfunn som fungerer godt for fleire eldre, skaper vi samtidig betre samfunn for menneske i alle aldrar.
Eldreveka set aldring på dagsorden
Rundt om i landet blir FNs internasjonale dag for eldre markert med eit mangfald av arrangement, aktivitetar og møteplassar. Kommunar, frivillige organisasjonar, lag og foreiningar inviterer til alt frå kultur- og friluftsaktivitetar til møte, samtalar og sosiale treff.
Det er i lokalsamfunna dette skjer. Når mennesker møtest, byggjer dei fellesskap, knyter relasjonar på tvers og skaper engasjement for korleis lokalsamfunn kan utviklast vidare. Slike møteplassar er viktige for deltaking, tilhøyrsle og livskvalitet.
For å støtte opp om markeringa av FNs internasjonale dag for eldre arrangerer vi Eldreveka. Målet er å inspirere kommunar, organisasjonar og andre lokale aktørar til å arrangere aktivitetar og samle seniorane sine til fellesskap og gode opplevingar i samband med eldredagen.
Gjennom Eldreveka tilbyr vi digitale forelesingar som skal inspirere til gode val i kvardagen, styrkje eigen meistring og motivere til ein aktiv og sosial alderdom; bidra til at fleire kan leve gode liv og halde fram med å delta aktivt i samfunnet.
Ei moglegheit for heile samfunnet
Den demografiske utviklinga er ei av dei største samfunnsendringane i vår tid. Fleire lever lenger, held seg friske lenger og ønskjer å halde fram med å bidra i lokalsamfunn, arbeidsliv, frivilligheit og familieliv.
På FNs internasjonale dag for eldre rettar vi merksemda mot moglegheitene. Når fleire lever lange liv, får samfunnet tilgang til meir erfaring, kompetanse og engasjement.
Samstundes krev det at vi tenkjer nytt om korleis vi utformar lokalsamfunn, bustader, møteplassar og tenester. Klarer vi det, skaper vi ikkje berre betre vilkår for eldre, men betre samfunn for alle generasjonar. Det er kjernen i arbeidet med eit aldersvennleg Noreg.
