Gå til forsiden

Eldre må få ein tydelegare plass i beredskapen

Publisert: 23. september 2026 kl. 10:57

Berit Brørby, leiar Rådet for eit aldersvennleg Noreg. Foto: Marianne Otterdahl Jensen

Når vi snakkar om tryggleik og beredskap, handlar det ofte om infrastruktur, teknologi og nødetatar. Men først og fremst handlar beredskap om menneske. Då må vi også snakke om dei eldre.

Naturkatastrofane kjem stadig hyppigare og stadig nærare oss. Vi har brannen i Drammen frisk i minne. Ved naturkatastrofar som flaum, ras og brann, eller i alvorlege trusselsituasjonar, er eldre blant dei mest sårbare innbyggjarane. Mange har redusert mobilitet, helseutfordringar eller er avhengige av medisinsk utstyr og hjelp frå andre. Evakuering, tilgang til informasjon og vidare oppfølging kan derfor bli ekstra krevjande når krisa rammar.

Ein beredskapsressurs

Men eldre er ikkje berre ei sårbar gruppe. Eldre er ei mangfaldig gruppe. Mange er friske, aktive, har mykje livserfaring, lokalkunnskap og kompetanse som er verdifulle ressursar i ein krisesituasjon. Eldre bidreg allereie som frivillige, naboar og omsorgspersonar, og kan spele ei viktig rolle i den samla beredskapen i lokalsamfunnet.

Eldre må få ein tydeleg plass i beredskapsplanane. Vi må planleggje for korleis dei mest sårbare skal takast i vare når kriser oppstår Samtidig må vi legge til rette for at eldre som ønskjer og kan bidra, blir sett på som viktige medspelarar. God beredskap blir ikkje skapt for innbyggjarane, men saman med dei.

Må involverast

Det betyr at eldre må involverast i planlegginga av beredskapen. Eldreråd, seniororganisasjonar og frivillige nettverk bør trekkjast inn når kommunar og styresmakter utarbeider og reviderer beredskapsplanar. Eldre bør også delta i beredskapsøvingar, slik at vi får testa korleis evakuering, kommunikasjon og oppfølging fungerer i praksis. På den måten kan planar og tiltak utviklast med utgangspunkt i reelle behov og erfaringar.

Bruk kompetansen

Vi må bli flinkare til å bruke den kompetansen som finst blant eldre. Mange har erfaring frå helsevesen, forsvar, undervisning, næringsliv og offentleg sektor. Andre har sterke lokale nettverk og inngåande kjennskap til nærmiljøet. Denne kunnskapen kan bidra til å styrkje evna lokalsamfunnet har til å førebyggje, handtere og komme seg gjennom kriser.

Eit samfunn er ikkje betre rusta enn evna det har til å ta vare på dei mest sårbare. Når vi inkluderer eldre i arbeidet med beredskapen, både som ressurs og som gruppe med særskilde behov, byggjer vi eit tryggare, meir robust og meir motstandsdyktig samfunn for alle.

Eldre må ikkje berre vere ei målgruppe for beredskap. Dei må vere ein medspelar. Først då får vi ein beredskap som omfattar heile befolkninga. Ein beredskap vi alle er avhengige av.