Digitailseringsdirektoratet (Digdir) har i samarbeid med Verian kartlagt den digitale kompetansen i befolkninga. Kartlegginga viser at 98 prosent av befolkninga bruker internett. Samtidig peikar rapporten på at skilnadene i befolkninga i aukande grad handlar om erfaring og kompetanse, ikkje om tilgang.
Det same bilete kjem fram i Sølvdata 2025, som Opinion har gjennomført på oppdrag frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Undersøkinga viser at internettbruken blant personar over 60 år er høg, og at dei deltek aktivt i det digitale samfunnet.
Digdir si kartlegging omfattar befolkninga over 13 år, medan Sølvdata ser særskilt på dei over 60 år. Til saman gir rapportane eit godt bilete av korleis den digitale utviklinga påverkar eldre.
Høg internettbruk, men ikkje blant alle
Sølvdata viser at 87 prosent av eldre bruker internett dagleg . Dette samsvarer godt med Digdir sitt hovudfunn, som viser at dei aller fleste i befolkninga er digitale brukarar.
Samtidig gir Sølvdata eit meir nyansert bilete for den eldre delen av befolkninga. Bruken av internett fell tydeleg med aukande alder. Blant personar over 90 år er det 35 prosent som aldri brukar internett. Funna om at «alle er på nett» gjeld ikkje i like stor grad for dei eldste eldre.
Frå tilgang til kompetanse
Begge rapportane peikar på ei viktig utvikling: Digital inkludering handlar ikkje lenger om å kome seg på nett, men om å kjenne seg trygg og meistre det som skjer der.
Digdir si kartlegging viser at mange manglar kompetanse innan digital sikkerheit, kjeldekritikk og ny teknologi som kunstig intelligens. Alder er ei tydeleg skillelinje. Eldre har gjennomgåande mindre erfaring og lågare digital kompetanse enn yngre grupper.
Eldre er bekymra for svindel og personvern
Sølvdata viser at mange eldre (60 år+) kjenner på utryggleik i møte med digitale tenester:
- 45 prosent er bekymra for personvernet sitt
- 41 prosent er redde for å bli svindla
- 50 prosent har opplevd svindelforsøk det siste året
Dette samsvarer med funna frå Digdir. Utfordringa handlar ikkje om tilgang til digitale tenester, men om tryggleik, sikkerheit og forståing.
Mange eldre får det til, men ikkje utan uro
Mange eldre meistrar digitale oppgåver godt. Heile 90 prosent oppgir at dei betaler rekningar digitalt, og 59 prosent meiner det er uproblematisk å bruke digitale tenester.
Samstundes opplever éin av fire at dei går glipp av informasjon fordi mykje berre finst digitalt. Dette samsvarer med funna frå rapporten frå Digdir, som peikar på at høg digital deltaking i befolkninga ikkje nødvendigvis betyr at ein har den kompetansen som trengst for å navigere trygt og sjølvstendig.
Kva motiverer eldre og kva stoppar dei?
Sølvdata viser at for eldre handlar digital deltaking først og fremst om nytte. Dei som opplever at digitale løysingar gjer kvardagen enklare, eller hjelper dei å halde kontakt med familie og vener, er meir motivert for å ta dei i bruk.
Heile 78 prosent seier at dei opplever glede eller nytte av digitale tenester. Det utfordrar førestillinga om at eldre ikkje ønskjer å vere digitale.
Samtidig peikar Sølvdata på fleire barrierar. Nokre synest det er vanskeleg å forstå korleis digitale løysingar fungerer, medanandre ser liten nytte av dei, Helse- og fysiske utfordringar kan også gjere digital deltaking meir krevjande.
Forma på tilbodet kan være avgjerande
Sølvdata viser at berre 13 prosent av dei som ikkje bruker internett, ønsker å delta på opplæring. Samtidig seier 38 prosent at dei kunne tenke seg rettleiing dersom tilbodet passar behova deira.
Blant dei som ønskjer hjelp føretrekkjer:
- 82 prosent éin-til-éin rettleiing
- 72 prosent små grupper med fast rettleiar.
Det viser kor viktig personleg oppfølging er for læring og meistring.
Funna frå Digdir sin rapport, understrekar at opplæringstiltak må tilpassast betre for å nå dei som faktisk treng dei. Dette viser at forma på tilbodet er like viktig som sjølve innhaldet. Begge rapportane peikar og på ei viktig utfordring. Dei som har størst behov for støtte, er ofte dei som i minst grad deltek i opplæringstilbod.
Lokale møteplassar er viktige
Lokale møteplassar peikar seg ut som ein nøkkel for å lukkast med digital inkludering. Begge rapportane viser at generelle tiltak ikkje er nok. Innsatsen må skje tett på der folk bur og lever.
Sølvdata viser at 51 prosent av eldre kjenner til eit lokalt tilbod om digital hjelp, medan 27 prosent ikkje veit om det finst eit slikt tilbod i nærmiljøet.
Det tyder på at mange framleis ikkje blir nådde av eksisterande tilbod, eller ikkje veit kvar dei kan få hjelp.
Ei felles oppgåve
Funna frå Digdir og Sølvdata viser at eldre ønskjer å vere en del av det digitale sammfunnet. Oppgåva framover er å sørgje for at fleire får den støtta, tryggleiken og opplæringa dei treng for å kunne delta på eigne premiss.
Digital inkludering er derfor ei felles oppgåve for kommunar, frivillige, offentlege verksemder og lokalsamfunn.
