– At stadig fleire av oss lever lenger i landet vårt, er først og fremst positivt. Skal vi sikre eit meir aldersvennleg samfunn – prega av openheit, tryggleik og fellesskap, må vi finne løysingar i fellesskap.
Det sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre under framlegginga av Innovasjons- og samskapingsutvalets NOU, "Den nye velferdskommua".
Statsråden er fornøgd med at utvalet har peika på samarbeid, innovasjon og tempo som drivarar for kva ein velferdsstat faktisk kan få til.
Leiaren i utvalet Kjell Erik Øye viste til betydninga av volum og tempo. I det la han at det må setjast kraft bak dei gode døma og tiltaka og skalere desse opp, og at det hastar.
– Det finst mange flotte døme på løysingar, men dei flyg ikkje. Lovande løysingar må følgje eit felles løp for vidareutvikling, meiner Øye.
Folkehelse og førebygging
Leier i Rådet for eit aldersvennleg Noreg, Berit Brørby, støttar Øye sine synspunkt.
– Med den takten talet på eldre aukar, kan vi ikkje drive velferdsstaten på same måte som vi gjer i dag. Skal vi sikre eit godt liv til alle i alle aldrar, må det tenkjast nytt og det hastar, understreker Brørby.
– Vi har mange gode døme på tiltak, både når det gjeld bustad, folkehelse og førebygging, som alle er nøkkelen til eit godt liv lenge. Dette er tiltak som vil løyse belastninga på omsorgstenestene, seier Brørby som også er oppteken av at gode tiltak blir skalerte opp.
– Det første og viktigaste grepet er at alle i alle sektorar ser nødvendigheita av å samhandle og ikkje jobbe i siloar.
Foreslår tre hovudgrep
For å komme utfordringane knytt til demografiendringane i møte, foreslår Innovasjons- og samhandlingsutvalet tre hovudgrep:
- At staten lanserer eit målretta samfunnsoppdrag, på tvers av aktørar, interesser og sektorar, med mål om å tryggje framtidas velferd med knappare ressursar.
- At det blir etablert eit nasjonalt praksisnært program for å sikre handlingsrommet og omstillingsevna til kommunane.
- At det blir eit nasjonalt skaleringsfond etablert (investeringsfond som gir kapital til selskap som allereie er etablerte og fungerer, men som treng pengar og støtte for å vekse raskt) for vellykka kommunale løysingar, der lovande løysingar kan følgje eit felles løp for vidareutvikling.
Samtidig peikar dei på følgjande tema av særleg betydning, både for behovet for velferdstenester og kapasiteten samfunnet har til å møte dei:
- Eit meir mangfaldig og fleksibelt arbeidsliv
- Mestring og helse i kvardagen
- Pårørendes rolle
- Frivilligheten som velferdspartnar
- Helsefremmende og førebyggjande buformer
Gode grep og tema, meiner leiar i rådet for eit aldersvennleg Noreg, og legg til:
– Dette arbeidet hastar!
