Om prosjektet
Folk i Stord, og kanskje særskilt dei eldre, har identiteten sin tett knytt til sjøen og det maritime miljøet. Fortetting og privatisering av strandsona har redusert tilgjenge til sjø. I ulike innspelsprosessar har det kome fram eit ønskje om å gjera strandsona i sentrum meir tilgjengeleg, også for dei som har nedsett funksjon.
På bakgrunn av dette er det opparbeida ein universelt utforma turveg/promenade som går langs hamna i sentrum og ut til Onarheimsparken - eit utsiktspunkt med kunstverket «Storddøra» (Sissel Tolaas 2006). Promenaden er terskelfri med ledeliner, benker, og lyssetting.
Promenaden er mykje nytta som turveg av folk i alle aldrar, og særskilt av dei mange eldre som har busett seg i dei nye leiligheitsbygga i sentrum.
Hamnepromenaden
Kommune: Stord
Mål: Fremja trivsel og tilhøyrsle, og gjera hamneområdet meir tilgjengeleg og attraktivt for alle.
Organisering: Stord kommune v/Stord hamn har stått for gjennomføring
Finansiering: Stord kommune
Medvirkning: Innbyggjarane har gitt innspel i ulike medverknadsprosessar knytt til kommuneplanarbeidet. Gjennomført seniortråkk i sentrum.
Kontaktperson: Inge Espenes, Stord kommune
.JPG.jpeg)