Ny rapport om sosial forskjell i helse i Noreg

Av: Aldersvennlig Norge
Postet: 23.03.23 (oppdatert 13.04.23)
Eit av funna frå ekspertrapporten som har undersøkt forskjellar innan helse i Noreg sidan 2014, er at det er store sosiale forskjellar i levealder. Avhengig av kva indikator ein brukar kan det vere så mykje som 7,3 for menn og 5,5 for kvinner.  Foto: Centre for Ageing better
Eit av funna frå ekspertrapporten som har undersøkt forskjellar innan helse i Noreg sidan 2014, er at det er store sosiale forskjellar i levealder. Avhengig av kva indikator ein brukar kan det vere så mykje som 7,3 for menn og 5,5 for kvinner. Foto: Centre for Ageing better

Postet: 13.03.23 (oppdatert 13.03.23)

Trass i høg og aukande levestandard har vi vedvarande  forskjellar i helse og i forhold som påverkar helsa. Dette kjem fram i ein ny rapport om sosiale forskjellar i helse i Noreg. 

Rapporten er bestilt av Helsedirektoratet frå Institute of Health Equity ved University College London (UCL) leia av den anerkjende forskaren sir Michael Marmot.

Les heile rapporten her.

Eit tverrsektorielt ansvar 

− Eit av måla for folkehelsearbeidet i Noreg er å redusere dei sosiale forskjellane innan helse. Årsakene til sosiale forskjellar i helse er samansette. For å møte utfordringane treng vi innsats frå fleire sektorar, og forståing for at ulike sektorar kan spele ei stor rolle for befolkninga si helse, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.

I rapporten har ein sett på utviklinga sidan 2014. Det blir slått fast at det er vedvarande forskjellar i forventa levealder, helse og livskvalitet, anten ein måler etter utdanningsnivå, yrke eller inntekt. Det blir gitt fleire tilrådingar og tiltak som må til for å oppnå ei jamnare fordeling av helse og livskvalitet i befolkninga. 

− Rapporten peiker mellom anna på at heile samfunnet må bidra for at vi skal oppnå reduserte forskjellar, både nasjonale og lokale styresmakter, frivilligheit, næringsliv og økonomisk sektor. Tverrsektorielt ansvar og samarbeid er derfor noko av nøkkelen for å nå målet om ei jamnare fordeling og mindre sosial skilnad i helse, seier Granlund.

Stort potensial i reduserte forskjellar

– Rapporten viser at vi har eit samfunn med til dels store helseforskjellar avhengig av kva bakgrunn du har. Det er bekymringsfullt, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i ei pressemelding.

Ho understrekar at det er viktig å redusere forskjellar i samfunnet for at alle skal kunne leve gode, lange og friske liv.

– Å redusere forskjellar er målet for alt vårt folkehelsearbeid, og den raude tråden i folkehelsemeldinga vi legg fram fredag 31. mars, forteller Kjerkol.

Les meir på nettsidene til Helsedirektoratet

 

Til toppen