Seniorressursen i arbeidslivet på menyen

Av: Aldersvennlig Norge
Postet: 12.12.22 (oppdatert 15.12.22)

22. november inviterte Senteret for et aldersvennlig Norge partnarar og samarbeidspartnarar til julefrukost med noko (fagleg) attåt. Det vart ein lærerik formiddag med dyktige folk som alle har interesse av å bidra til eit meir aldersvennleg samfunn.

− Eg håpar og trur at dei arenaene vi bidreg på og dei møteplassane vi lagar, legg til rette for samarbeid mellom aktørar som vanlegvis ikkje hadde møttest. Saman skaper vi dei endringane som må til. Og grip moglegheitene som dei demografiske endringane representerer, fortel Nina Myklebust som leier senteres partnarskapsordning.

Morgondagens arbeidsstokk

Seniorressursen i arbeidslivet var sett som fagleg ramme for frukosten. Gjestene fekk eit lite innblikk i bevisstgjeringskampanjen «Morgondagens arbeidsstokk» – eit felles prosjektarbeid internt i partnarskapsordninga.

− Saman med UN Global Compact, Atea, SESAM, KPMG og Møre og Romsdal Fylkeskommune gler vi oss til lansering av kampanjen på nyåret. Her handlar det om å synleggjera alder som ein del av mangfaldsperspektivet, fortel Nina.

Morgendagens arbeidsstokk er også temaet for et eget frokostseminar som Senteret for et aldersvennlig Norge skal arrangere i Oslo 28. februar. Hold av datoen. Mer informasjon kommer.

Seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet

Blant rykande fersk brød og pålegg som både dufta og smakte av jula, var det satt av god tid til å snakke og bli kjent med hyggjelege og dyktige folk. Folk som alle har sett verdien av å tenkja meir aldersvennleg.

− Eg kan med glede seie at både praten og latteren sat laust rundt borda. Eg trur mange anten fekk teke opp att kontakten eller knytt nye kjennskap i løpet av den formiddagen vi var samla, fortel Nina.

Og skal ein først ha seniorressursen i arbeidslivet på dagsorden, er det ingen som er meir naturleg å invitere enn Kari Østerud. Kari leier Senter for seniorpolitikk (SSP) som er ein av senterets strategiske partnarar. SSP er eit viktig nasjonalt kompetansesenter som arbeider med stimulering og utvikling av god seniorpolitikk i arbeidslivet.

Kari presenterte årets resultat i norsk seniorpolitisk barometer, der dei har kartlagt oppfatningar og haldningar til seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet.

Spennande år for partnarskapet

Før leiar av Senteret for et aldesvennlig Norge, Wenche Halsen takka partnarene for ein innhaldsrik dag – og eit innhaldsrikt år, inspirerte Berly Lund Grønning deltakarane med gode råd for ein aktiv og innhaldsrikt pensjonisttilvære. Berly som i dag er «omsyklande pensjonist», bestemor og politikar, har oppdrag som står i kø, både betalt og frivillig. Ho er eit godt døme på kva som ligg i seniorressursen.

− For senteret sin del har det vore eit veldig spennande år for partnarskapsordninga. Vi har snakka med mange interessante og interesserte aktørar i ulike sektorar. Vi har stått på ulike scener for å snakka aldersvennleg og berekraftig samfunnsutvikling. Ikkje minst har vi skapt gode aktivitetar og initiativ saman med partnarane våre.

− På tampen av året har vi fått med oss fleire nye partnarar – og vi gler oss til å presentera desse på nyåret. Ikkje minst invitere fleire partnarar til nye samarbeidsprosjekt, avsluttar Nina.