La oss gravleggje eldrebølgja

Av: Aldersvennlig Norge
Postet: 09.09.22 (oppdatert 13.09.22)

Av Wenche Halsen

Innlegget blei først publisert i Romsdal Budstikke 8. september 2022.

Ein gong var det nokon som fann ut at vi skulle namngje dei demografiske endringane landet vårt står ovanfor som ei eldrebølgje. Nesten dagleg publiserast det saker i media som dreier seg om dei store utfordringane eldrebølgja fører med seg.

Nyord som definerer eit komplekst fenomen, blir tatt i bruk fordi det forenklar og skapar eit felles bilde og ei felles oppfatning. Men kanskje ikkje alltid eit korrekt bilde. Ei bølgje er noko som kjem og trekk seg tilbake, og som kjem på nytt. Ei stor bølgje kallast tsunami og er kjend for å gjere store skadar.

At vi blir fleire eldre er ikkje ei bølgje. Det er ei utvikling i samfunnet. Sjølv om ikkje alle har tatt inn over seg kva denne utviklinga inneber for den enkelte og for samfunnet, har ho likevel vore kjend lenge. Kvart år publiserer Statistisk Sentralbyrå befolkningstal med framskrivingar, og ingenting her bør kome som ei overrasking. 

Dette er ei suksesshistorie

Dei store barneflokkane frå etterkrigstida har blitt eldre. Vi er fleire menneske som lever opp enn tilfellet var den gongen halvparten av barneflokken døydde på grunn av farlege sjukdomar og mangel på medisinar.

Dessutan lever vi lenger enn før. På den måten blir vi fleire eldre samtidig. Dette er både villa og ønskt. Det forskast, utviklast nye medisinar og setjast inn gode tiltak for å sikre folkehelse, slik held vi oss friske og raske lenger. Dette er ei suksesshistorie.

Det er difor svært urimeleg at ein skal namngje dei komande eldre som ein del av ein skadeleg og frykta tsunami.

La oss snu på flisa, og sjå på moglegheitene! Vi er friskare enn nokon gong og har i all hovudsak betre økonomi og er betre utdanna. Vi har eit godt utgangspunkt for å kunne vere til nytte og kunne bruke kunnskapen vår og erfaringane våre i mange år. Vi er kjøpesterke og bidreg godt inn i samfunnsøkonomien.

Så la oss gravleggje eldrebølgja og heller finne eit nytt omgrep. Om vi då ikkje berre kan snakke om endringane i befolkninga, og at vi blir fleire eldre er ein suksess?

Vi må likevel tenkje nytt

Det faktumet at vi blir færre yngre og fleire eldre gjer at vi må tenkje nytt. Fødselstala har stupt dei siste åra. Det blir for få hender i tida som kjem.

Vi må difor planlegge for korleis vi skal greie oss sjølve så lenge som mogleg. Og det må leggast opp til at vi skal kunne greie oss sjølve. Men det må ikkje bli svart/kvitt. Vi må ha to tankar i hovudet samstundes. Eldre som grupper er like forskjellig som alle andre. Og dei som er slitne og «oppbrukte» må få ta fri.

Og så må vi la dei som kan og vil få bidra så lenge dei ønskjer. Vi må sjå til at eldre blir inkluderte og involverte. Og når vi treng omsorg, må vi få det. Det er jo det vi vil.

Ein ting veit vi – det å fortsetje å snakke om eldrebølgja er ikkje berekraftig.