Berit Brørby blir ny leiar for Rådet for eit aldersvennleg Noreg

Av: Aldersvennlig Norge
Postet: 09.06.22 (oppdatert 09.06.22)
Berit Brørby og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Foto: Torjus Lunder Bredvold / HOD

Helse- og omsorgsministeren har på vegner av regjeringa oppnemnd Berit Brørby til ny leiar av Rådet for eit aldersvennleg Noreg.

Med Berit Brørby får rådet ein leiar med lang og brei politisk erfaring og leiarerfaring frå fleire styrar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Aldersvennleg samfunnsutvikling

Berit Brørby ønsker å bidra til å styrke rådet sitt arbeid med å sette aldersvennleg samfunnsutvikling høgare på dagsorden.

Å bidra til at regjeringa sin nye Bo trygt heime-reform omfattar tiltak i fleire sektorar blir viktig i den komande perioden for rådet.  

Rådet har ei unik samansetting representert ved Pensjonistforbundet, Frivillighet Norge, KS, NHO, IKT-Norge, Husbanken og forsking ved OsloMet. Denne samansetninga bidrar til nye perspektiv om moglegheitene fleire eldre gir, og korleis vi skal utvikle meir aldersvennlege løysingar.

Vil engasjere bredt

Brørby ønsker òg at rådet kan bidra til å engasjere fleire på tvers av generasjonane.

– Med over ein million pensjonistar i Noreg, og kor dei fleste har god helse, kunnskap og erfaring, har vi bruk for ressursane til seniorane og at dei får delta og vere aktive i samfunnet.

Rådet for et aldersvennleg Noreg har òg tema som konsekvensar av digitalisering, boligplanlegging og frivillig innsats på agendaen.

Å skape eit aldersvennleg samfunn er eit mål, men det er òg ein metode for samfunnsutvikling basert på samarbeid og tverrsektorielt arbeid. Medverknad frå eldre er sentralt i arbeidet.

Les meir om Rådet for et aldersvennlig Norge.

Berit Brørby

Berit Brørby har 24 år bak seg på Stortinget med erfaring frå mellom anna finanskomiteen og kommunalkomiteen, frå presidentskapet og har leia Stortingets delegasjon til Nordisk Råd.

Etter at ho gjekk ut av Stortinget i 2009, er ho engasjert i fleire styrar. Mellom anna er ho nestleiar i styret for Hørselshemmedes landsforbund. Ho har takka ja til å vere leiar for Rådet for eit aldersvennleg Noreg i to år, til juni 2024.